Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Prosjektstilling sjukepleiar

Herøy kommune, Avdeling for legetenester

Arbeidssted
HERØY (MØRE OG ROMSDAL), FOSNAVÅG, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
25. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Engasjement
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi søker ein engasjert og dyktig sjukepleiar i vår prosjektstilling fordelt på Herøy og Myrvåg legesenter i frå første moglege dato. Vi ser etter deg som likar å jobbe med prosjekt og utvikling, og har gode samarbeidsevner. Prosjektet heiter: "Styrking av allmennlegetenesta i distriktskommuner." Prosjektstillinga er ei deltidsstilling på 60%. Det kan leggast til rette for ein kombinasjon med 40% stilling i heimetenesta dersom søkar ønska det. Ei slik kombinasjonsstilling kan også være ein fordel sett opp mot målsetninga til prosjektet. Målsetninga for prosjektet er å få betre samhandling mellom fastlegane, og samarbeidspartnarar, mest inn mot kommunal helseteneste, som til dømes heimetenesta. Kjennskap til arbeid ved legekontor og/eller heimesjukepleie vil vere ein fordel. I tillegg er det ønskeleg å få implementert gode rutinar for sjukepleiearbeid ved legesentera. Arbeidsstad vil vere begge dei kommunale legekontora i kommuna, i tillegg til administrasjonstid for del som høyre til prosjekt.  Prosjektstillinga er i utgangspunktet treårig, med atterhald at tilskotet vert vidareført i statsbudsjettet. Tilsetting vert difor eitt år om gongen. Herøy legesenter har faste legar i alle våre seks fastlegeheimlar. Av desse er fire ALIS-legar og to erfarne allmennlegar. Vi har også ein LIS1-lege og om hausten tek vi imot studentar frå NTNU Trondheim. Myrvåg legesenter har hatt stabile fastlegar over fleire år. I tillegg til LIS1, er her fire fastlegar, der alle legane er spesialistar i allmennmedisin. ArbeidsoppgåverArbeidskvardagen hjå oss består av både kliniske og administrative oppgåver. Arbeidsoppgåvene vil variere gjennom dagen, og du vil samarbeide tett med både legar, sjukepleiar og helsesektrærar mellom anna med: arbeid på laboratoriet, inkludert blodprøvetaking og analyser vaksinering, injeksjoner og infusjoner gjennomføre spirometri, audiometri og EKG utføre sårbehandling gi faglige råd og gjere vurdering av pasientar som tek kontakt på telefon og ved oppmøte bistå lege i akutte situasjonar og ved utrykningar delta i daglegevaktfunksjon bistå ved småkirurgiske prosedyrer og utføre enkelte delegerte legeoppgåver betene resepsjon og telefon skanne og registrere epikriser og prøvesvar utføre andre administrative oppgaver som høyrer til drifta av legekontoret    Administrative oppgåver: lage prosjektprotokoll lage gode samhandlingsrutiner lage prosedyrer for sjukepleieroppgåver som kan delegerast av legane og takstast for Kvalifikasjonarer autorisert sjukepleiar er sjølvstendig, strukturert og trygg i møte med pasientar nytenkande interessert og nysgjerring på endring og forbetring kommuniserer godt på norsk eller anna skandinavisk språk Personlege eigenskapartrivst i rolla som sjukepleiar og likar pasientoppfølging du har gode samarbeidsevne og likar å jobbe i saman med andre, men kan og jobbe sjølvstendig du vil vere med å utvikle legetenesta i kommunen, og stiller gjerne opp og er til støtte for kollegaer du ser verdien i å samarbeide med andre tenester, for å finne gode løysingar til det beste for pasientane har jamt godt humør, er fleksibel og bidreg til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyrein variert arbeidskvardag med både kliniske og administrative oppgåver eit fagleg sterkt og erfarent kollegium godt arbeidsmiljø med tett samarbeid mellom legar, sjukepleiar og helsesekretærar gode moglegheiter for faglig utvikling gode pensjons- og forsikringsordninger gjennom KLP arbeidstid på dagtid, kl. 08.00-16.00 Herøy kommune er omfatta av ordning for sletting av studielån med 25 000,- per år. Sjå www.lanekassen.no for utfyllande informasjon og vilkår. Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.   KontaktinformasjonJan Magne Remøy, Kommuneoverlege, +47 47768084 ArbeidsstadEggesbøvegen 11 6092 FOSNAVÅG Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5194597252 Stillingsprosent: 60% Engasjement Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 25.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.