Er du engasjert i barn, leik og utvikling? Ønskjer du å vera ein viktig vaksen i kvardagen til barna? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Ål kommune Sando barnehage
- Arbeidssted
- ÅL, BUSKERUD
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Ål kommune har 5 kommunale barnehagar, med storleik frå 2 til 6 avdelingar. Her jobbar styrarar, barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar tett saman for å skape trygge og gode barnehagemiljø.
No søkjer vi ein engasjert barnehagelærar i 100% vikariat som pedagogisk leiar, for tida i Sando barnehage, i perioden 01.12.2026–30.11.2027, med moglegheit for forlenging og fast stilling.
Sando barnehage er ein to-avdelings barnehage som ligg ca fem kilometer frå Ål sentrum. Barnehagen legg vekt på å skape gode kvardagar for barna der tryggheit, fellesskap, omsorg og det å bry seg om kvarandre står sentralt. Vi vil vera tydelege og nærverande vaksne for barna, og gje dei trygge rammer – KVAR DAG.
Arbeidsoppgåver:
Som pedagogisk leiar hos oss er du ein aktiv del av det pedagogiske arbeidet i kvardagen;
Deltek i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogisk arbeid.
Bidreg til ein trygg, leikande og lærande kvardag for barna.
Er ein nær og tilgjengeleg vaksen som ser kvart enkelt barn.
Samarbeidar tett med kollegaer, føresette og leiing.
Er med på å utvikle eit inkluderande og fagleg sterkt miljø i barnehagen.
Hos oss er leiken sentral. Vi trur på den leikande vaksne og verdset fantasien, nysgjerrigheita og undringa til barna.
Kvalifikasjonar:
Utdanning som barnehagelærar, eller anna relevant utdanning med godkjent pedagogisk kompetanse.
Kjennskap til barnehagelova og rammeplanen.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Ål kommune nyttar nynorsk som målform.
Personlege eigenskapar:
Vi legg stor vekt på kven du er som person. Vi ønskjer deg som:
Brenn for barnas beste og barnehagefaget.
Er ein trygg og omsorgsfull vaksen med gode relasjonelle evner.
Er leiken, kreativ og til stades i møte med barna.
Samarbeider godt og bidreg positivt i personalgruppa.
Har humor og rausheit i ein travel kvardag.
Kvifor jobbe hos oss?
Hos oss får du ikkje berre ein jobb, du blir ein del av eit fagleg fellesskap;
Eit inkluderande og utviklande arbeidsmiljø.
Fadderordning for ein god start.
Fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving.
Ressursar innan språk, tidleg innsats og pedagogisk arbeid.
Ein kvardag prega av psykologisk tryggleik og arbeidsglede.
Kollegaer som heiar på kvarandre – og har det kjekt saman.
Vi tilbyr i tillegg:
Lønn og arbeidsvilkår etter Hovudtariffavtala.
God pensjonsordning i KLP.
Moglegheit for kurs og vidareutdanning.
Send søknad:
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Dei som blir tilsette må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.