Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Prehospital avdeling i Helse Førde søkjer sjukepleiarar til forskriftskurs ambulanse 2027

Ambulanseseksjon 6, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Annet
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du autorisert sjukepleiar, eller tredje års sjukepleiarstudent, og ser du for deg ei framtidig karriere innan ambulanse og akuttmedisin? Ambulansetenesta tilbyr forskriftskurs med nødvendig opplæring gjennom kurs, sjølvstudium og praksis. Kurset er lagt opp med faste datoar i perioden januar til mai. Opptak av søkjarar skjer i desember kvart år.  Ambulansetenesta i Helse Førde er organisert i Prehospita avdeling i kirurgisk klinikk. Tenesta har ansvar for all ambulanseverksemd i Sogn og Fjordane. Vi søkjer deg som er motivert for og trivst i eit uforutsigbart miljø. Du set pris på både utfordringar og rutineprega oppgåver. Ein jobb i ambulansetenesta inneber å vere ein god kollega, arbeide i sjølvstendige team og saman finne gode løysingar til det beste for pasientane.  Dersom du allereie er tilsett i Helse Førde, kan du ikkje ha meir enn 50 % stilling før oppstart, for å få tilbod om vakter.  For å kunne starte på kurset må du ha gjennomført og bestått både intervju og fysiske testar.  Før du søkjer, er det viktig å setje seg inn i korleis kurset er lagt opp, og dei fastsette datoane. Det er obligatorisk oppmøte på alle samlingar, så du må vere budd på å avsette ein del tid.  Det skal gjennomførast minimum 100 timar hospitering i ambulanse ved ein tildelt stasjon i løpet av kursperioden.  Kurset inneheld generell e-læring, som skal gjennomførast i eige tempo. Nokre av e-læringskursa er direkte knytte til samling 1 og 4. Det blir tilrådd å gjennomføre desse nær opp mot dei fysiske kursdagane for å få best mogleg læringsutbyte.  Det samla omfanget av e-læringa i vikarkurset er om lag 18 timar, utanom e-læring knytt til samlingane om akuttmedisin og traume.  Fysisk test og intervju: 8. eller 9. desember 2026  Samling 1 – praktiske ferdigheiter: 22.–24. januar 2027 (helg)  Samling 2 – akuttmedisin: 2.–3. mars 2027  Samling 3 – traume: 6.–7. april 2027  Samling 4 – simuleringsdag: 22. mai 2027 (helg)   Kandidaten må sjølv melde seg opp til og skaffe seg førarkort klasse C1. Ved å arbeide minimum seks veker om sommaren, i perioden veke 25–33, får ein dekka 12 500 kroner per år i to år, totalt 25 000 kroner. Ein må gjennomføre alle planlagde samlingar og all praksis, og bestå utsjekk samt hospitering før ein kan starte å arbeide. Etter at desse kriteria er oppfylt, kan ein få kontrakt etter avtale. Kurset blir gjennomført i regi av Helse Førde, med mål om å rekruttere tilsette til eiga teneste. Som vikar må ein rekne med å arbeide ved fleire stasjonar i Helse Førde sitt nedslagsfelt. ArbeidsoppgåverArbeid i ambulansetjenesta består av daglege rutinar, reinhald, kvalitetsarbeid og beredskap inne på ambulansestasjonen. I møte med pasientane blir det gjort undersøkingar, forflytting, observasjon og behandling. Køyring av utrykningskjøretøy, arbeid på skadestad, operativ leiing, opplæring og rettleiing er òg sentrale arbeidsoppgåver. KvalifikasjonarVilkåra for å få kursplass er at personellet har autorisasjon eller kan dokumentere å vere i utdanningsløp som gir autorisasjon som sjukepleiar våren 2027 Førarkort klasse B Førarkort klasse C1 (må vere på plass til oppstart av vakter sommaren 2027).     Kursdeltakarar må oppfylle tenesta sine fysiske krav før dei får plass på kurset. God fysisk og psykisk helse. Ved søknad må søkjar omtale eigen fysisk form. Det er fysiske testar ved opptak.  Tilfredsstille medisinske krav førerkort klasse D. Det vert stilt krav om politiattest. Personlege eigenskaparImøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Evne til å jobbe sjølvstendig og godt i team Vise gode evner til å jobbe med akuttmedisin Trivst med å jobbe i eit team med tidvis hektisk og høg aktivitet Pliktoppfyllande Bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyrKurs som gir høve til vikariat og engasjement i tenesta Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass Fagleg og personleg utvikling Kompetanseutvikling i form av fagstige   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonFrank Haukereid Reksnes, Seksjonsleiar, 412 86 285 Per-Erik Eide Hjelle, Ambulansearbeider / opplæringsansvarleg, 915 84 784 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5182965856 Stillingsprosent: 100% Anna Søknadsfrist: 08.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.