Jobbkonsulen tilrettelagt arbeid
Furene As
- Arbeidssted
- VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- Snarest
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Har du ein yrkesbakgrunn som du tenkjer kan være relevant og eit sterkt ynskje om å bidra til at personar finn sin plass i arbeidslivet?
Vi ser etter deg som:
Er trygg på deg sjølv og likar å vere med å bygge relasjonar
Likar å utfordre, bidra til løysingar og ha forventningar til andre og deg sjølv
Likar å vere ilag med og rundt alle typar folk
Meistrar å ha mange ballar i lufta, samstundes som du har eit klart kunde- og resultatfokus
Er god både på munnleg og skriftleg framstilling
Er positivt opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kjenner godt til arbeidslivet i 7-stjerna - kommunene vi jobbar i
Arbeidsoppgåver:
Følge opp arbeidstakarar som har sin arbeidsstad i Furene, TA-tilsette, (personar som har behov for tilrettelagt arbeid) i Furene og dei som i tiltak ute hjå andre arbeidsgjevarar
Kontakt og oppfølging av arbeidsgjevarar i samband med praksisplassar, arbeidsutprøving og arbeidsformidling.
Karriererettleiing og oppfølging av personar som treng utvida bistand for å skaffe eller behalde arbeid
Samarbeid med NAV m.fl
Skriftleg rapportering etter gjeldande krav
Undervisning i mindre grupper
Samarbeid med lokalt næringsliv om framtidas kompetanse og opplæringsbehov og vegen fram til formell komptetanse
Kompetansekrav:
Bachelor, fagbrev eller tilsvarande - fagområder kan til dømes vere marknad og sal, HR, helse og sosialfag, pedagogikk
Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye digitale verkty og system
Førarkort kl B
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Vi kan tilby:
Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt og skapande miljø både i Furene og gjennom vårt medlemsskap i Kopano
Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Opplæring i relevante verkty
Aktivt trivselslag
Det er krav til bruk av eigen bil i arbeidet.
Politiattest vil bli kravd ved tilsetjing.
Spørsmål til stillinga kan rettast til Furene AS ved personalleiar Gro-Lise M. Rise på telefonnr. 97487094
Registrer søknad på: Ledige stillingar Furene AS
Søknadar vert behandla fortløpande
Søknadsfrist snarast
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.