Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Vikariat

Kysthospitalet i Hagevik (KiH), Helse Bergen HF

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, HAGAVIK, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ved Kysthospitalet i Hagevik er det ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 1 år med moglegheit for forlenging. Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.  Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller ulike former for artroskopisk kirurgi. For å dekke læringsmåla innan traumatologi er det avtale om rotasjon til ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling. Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og åpner mandag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår. Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisinga av medisinarstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale. ArbeidsoppgåverArbeidstid og vaktplan etter ein godkjend tenesteplan KvalifikasjonarDen som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i ortopedisk kirurgi Må meistre norsk skriftleg og munnleg Må ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office) Må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem Personlege eigenskaparPasientorientert Ansvarsbevisst Beslutningsdyktig Fleksibel Engasjert Bidra til eit godt arbeidsmiljø Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Vi tilbyrLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Vi er ei IA-bedrift, dvs. ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift. LIS legane har 6-delt vaktordning, med fri kvar søndag.  Vi har 6-døgnsdrift, dvs. sjukehuset stenger laurdag kl 16:00 I tillegg til fri kvar søndag, stenger vi dei fleste helge- og høgtidsdagar. Vi har også stengt i påskeveka, og mellom jul- og nyttår   Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKari Indrekvam, Avdelingssjef, 56565800 ArbeidsstadHagaviksbakken 25 5217 Hagavik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5175345653 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 22.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.