Kokk og matvert
Produksjonskjøkken Førde, Helse Førde
- Arbeidssted
- SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 24. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Matforsyning i Helse Førde har ledig stillingar ved Førde sentralsjukehus:
Kokk: 100 % fast stilling, tilsetting etter avtale
Matvert: 100 % fast stilling, tilsetting etter avtale
Vil du vere med og bidra til gode måltidsopplevingar for pasientar ved Førde sentralsjukehus? Vi ser etter deg som ønskjer å bruke fagkompetansen din til å lage næringsrik og velsmakande mat som del av i eit viktig samfunnsoppdrag.
Hos oss er mat og måltid ein viktig del av behandlingstilbodet, og vi legg vekt på kvalitet, trivsel og gode rutinar i kjøkkenarbeidet.
Vi produserer og serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskaféar. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelige arbeidsplassar på alle lokasjonane.
Arbeidsstad for begge stillingane er Førde sentralsjukehus
Kva går jobben ut på? Som kokk og matvert hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som arbeider for trygge og gode måltid til pasientar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
Produksjon av varm og kald mat etter godkjente resptar
Produsere spesialkost og diettar
Menyplanlegging - vi følgjer norske mattradisjonar og sesongbaserte matrettar
Sørge for at hygienekrav og rutinar (IK-mat) vert fulgt
Varebestilling og lagerhald
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha:
Kokk - må ha fagbrev
Matvert - er interessert i mat og service - opplæring vil bli gitt
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Det er ein fordel om du:
har erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken
har kunnskap om spesialkost og ernæring
har erfaring med IK-mat og relevante datasystem
Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:
trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
er strukturert og har god orden i arbeidet ditt
samarbeider godt med kollegaer og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
er fleksibel og handterer ein variert arbeidskvardag
er oppteken av kvalitet og gode matopplevingar
Kjenner du deg igjen i dette? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kvifor skal du velje oss? Vi tilbyr:
eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver
moglegheit for fagleg utvikling
løn etter gjeldande avtaleverk
gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonElin Haugen, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 682
ArbeidsstedSvanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5206558770
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.