Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

100 % fast stilling som fagarbeidar

Bjørnafjorden kommune Samferdsle og VA

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, EIKELANDSOSEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
5. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Bjørnafjorden kommune har omlag 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 frå 2022 er reisetida til Bergen halvert. Utvikling av nye spanande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet. Samferdsel & VA er organisert under sektor samfunnsutvikling.  Arbeidsstad  Arbeidsområdet vårt er heile Bjørnafjorden kommune, og køyring må påreknast. Oppmøtestad er Eikelandsheiane 50.  Arbeidsoppgåver  Oppgåver innan grunnarbeid, lastebilkøyring og vedlikehald av veg  Maskinkøyring  Enkle VA-oppdrag  Den som blir tilsett må rekna med opplæring på spesialmaskiner  Kvalifikasjonar  Fagbrev innan grunnarbeid/anleggsmaskin, men lang relevant erfaring kan erstatte krav om fagbrev  Krav om førarkort klasse BE og C  Kompetansebevis M2, M4, og motorsag er ønskeleg  Beherske norsk munnleg og skriftleg godt  Personlege eigenskapar  Engasjert, ansvarsbevisst og serviceorientert  Meistra enkle, digitale verktøy  Stor arbeidskapasitet og evne til å samarbeida i team  Fleksibel Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner  Vi tilbyr   Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø  God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring  Løn etter gjeldande avtalar  Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.   Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.   Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.