Helsefagarbeidar natt, 60 % fast - Ostereidet omsorgsbustad pluss
Alver kommune
- Arbeidssted
- ALVER, OSTEREIDET, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 5. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVi har ledig 60 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt ved Ostereidet omsorgsbustad pluss. Med årsturnus og arbeid i snitt kvar tredje helg får du gode moglegheiter til å planleggje balansen mellom arbeid og fritid.
Om avdelingaOstereidet omsorgsbustad pluss består av 28 leiligheter med fast bemanning heile døgnet.
Bebuarane som bur her har ulike behov for oppfølgning.
Avdelinga jobbar tett saman med heimetenesta som har lokale i samme bygg. Vi prøver ut "sjukepleiar på topp" slik at ein som sjukepleiar har ansvar for sjukepleiaroppgaver for brukarar i omsorgsbustadane og heimebuande.
Hos oss blir du del av eit breitt fagmiljø med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, reinhaldspersonale og kjøkkenpersonale, i tillegg til lærlingar og praksiskandidatar. På natt er det to tilsette på jobb så du vil alltid arbeide med andre.
ArbeidsoppgåverGje omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp
Vurdere og følgje opp den enkelte bebuar sine behov
Bidra til tryggleik og ro for bebuarane gjennom natta
Samarbeide med kollegaer og andre fagpersonar
KompetansekravNorsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2– test
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Er glad i menneske. Du blir motivert av å jobbe med menneske og bruke faget til beste for tenestemottakar.
Er ei nattugle. Du trivst med nattarbeid og held fokus oppe.
Er sjølvstendig. Du tek ansvar og finn gode løysingar.
Er fagleg sterk. Du held roen i akutte situasjonar og prioriterer godt.
Er positiv. Du bidreg til godt humør blant kollegaer og brukarar.
Er ein lagspelar. Du bidreg til godt samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer.
Er villig til å lære opp og dele kompetanse med kollegaer, studentar og lærlingar.
Er framtidsretta. Du er open for nye arbeidsmåtar og digitale løysingar.
Vi tilbyrKollegaer med høg fagleg kompetanse
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
Gratis parkering
Fagleg utvikling
Årsturnus
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Løn i samsvar med ansiennitet: 452 500 - 528 300
God pensjonsordning gjennom KLP
Vi er AlverBli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.