Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjøvakt 2:4 turnus  

Fjord1 - Maritim Drift

Arbeidssted
BOKN, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
3. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Fjord1 innførar 2:4-turnus i sambandet Arsvågen–Mortavika om bord på våre gassferjer. No søker vi 1.maskinist som ønsker å vere med på den nye ordninga.  Den nye turnusordninga med 2 veker på arbeid og 4 veker fri gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidsstaden vert dekt. I rolla som 1. maskinist har du eit stor ansvar i drifta av fartøyet og fungerer som maskinsjefen sin stedfortredar. Her får du moglegheit til å utvikle deg vidare innan maskinfaget og bygge kompetanse på gassfartøy – ei erfaring som er ettertrakta. Du vil her jobbe på eit av dei mest trafikkerte ferjesambanda, i ein travel, men trygg kvardag med godt samarbeid.  Oppstart er så snart som mogleg, men endeleg oppstartstidspunkt vert avtalt nærare. Aktuelle kandidatar blir vurderte og tilsette fortløpande. ArbeidsoppgåverVedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem. Oppgåver iht. alarminstruks Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav. Samarbeid med maskinsjef for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden. Sjå til at personell som utfører arbeid i maskin nyttar verne- og tryggleiksutstyr. Utvikling og opplæring av personell som er underlagt maskin. Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt. Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar. Ansvar for bunkring av gass og olje. Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn. Oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert. Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde. Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.   KvalifikasjonarKompetansesertifikat M2 Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF FSE lav- og høyspenning Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig  Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskaparVi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert 1.maskinist med teknisk innsikt, og god kommunikasjonsevne. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag.   Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Sjøvakt, 2 veker på og 4 veker av, 98 timars arbeidsveke. Ein bur ombord i arbeidsperioden. Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode. Treningsrom om bord i fartøyet. Eit godt arbeisdmiljø med dyktige kollegaer.  Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår. KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no ArbeidsstedE39 5561 Føresvik Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5197433934 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.