Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Pedagogisk leiar i barnehagen

Øystre Slidre kommune

Arbeidssted
ØYSTRE SLIDRE, HEGGENES, INNLANDET
Publisert
Søknadsfrist
11. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
3

Stillingsdetaljer

Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen? Øystre Slidre kommune søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag. Rogne barnehage har 110 plassar. Visjonen til barnehagen er "for barna". Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug. Beito barnehage har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv.  Øystre Slidre kommune har fokus på trygt og godt barnehage og skulemiljø og er i avsluttande fase i Læringsmiljøprosjekt. Dette er eit prosjekt i samarbeid med læringsmiljøsenteret og UDIR, der arbeid både er på individ, gruppe og system.  Det er no ledig følgjande stillingar; Beito barnehage: 100% vikariat frå 1.1.2027 til 10.08.2027 Rogne barnehage:  100% vikariat frå d.d. til 16.03.2027 50% mellombels tilsetjing frå d.d. til 10.08.2027   Eventuelt andre stillingar stillingar som kan bli ledige  Barnehagane har også behov for tilkallingsvikarar.   ArbeidsoppgåverLegge tilrette for gode lærings- og oppvekstvilkår for barn Delta i det daglege arbeidet med å skape eit trygt og utviklande miljø for enkelt barn og barnegruppa Delta aktivt i leik og daglege aktivitetar med barna Ha det pedagogiske ansvaret på avdelinga, eller i barnehagen, og sørgje for at barnehagelova og rammeplanen oppfyllast gjennom det pedagogiske arbeidet Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team Samarbeide med og rettleie kollegaer Ansvar for å legge tilrette for eit tett foreldresamarbeid KvalifikasjonarUtdanning som barnehagelærar Søkjarar under utdanning, eller med annan relevant utdanning, kan bli vurdert om det ikkje er søkjarar med barnehageutdanning  Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Det er krav om politiattest ved tilsetting Personlege eigenskaparEvne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi Evne til å bruke seg sjølv i ein til tider hektisk kvardag Ha humor og glede og vere påliteleg Evne til å takle det upårekna og evne til å improvisere ein del, sidan det kan oppstå situasjonar der det ikkje finns eit fasitsvar Bidra til eit positivt arbeidsmiljø Vi tilbyrGodt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP Telefongodgjøring Arbeidstøy Rettleiing av nyutdanna barnehagelærarar Lønn etter tariff KontaktinformasjonDagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, 99500955 Anne-Kari Gjerdalen, Styrar Rogne barnehage, +47 95733837 ArbeidsstadBygdinvegen 1989 2940 HEGGENES Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5197456702 Stillingsprosent: 100, 50% Vikar, Engasjement Søknadsfrist: 11.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.