Sjukepleiar/vernepleiar fortrinnsvis med vidareutdanning innan psykisk helse og rus
Poliklinikk rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- KRISTIANSUND, KRISTIANSUND N, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske med rusavhengigheit? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar til vårt LAR-team i Kristiansund.
Poliklinikk TSB Molde er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF. Vi tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar, inkludert individuell behandling, gruppebehandling, dagbehandling og Legemiddelassistert rehabilitering (LAR).
For å styrkje tilbodet på Nordmøre har vi etablert eit eige LAR-team i Kristiansund. Teamet er organisatorisk knytt til Poliklinikk TSB Molde, men arbeidsstaden er i Kristiansund. Bur du mellom Kristiansund og Molde, er det moglegheit for å jobbe begge stadar.
Hos oss får du ein fagleg spennande og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til å gi pasientar med rusavhengigheit eit trygt og heilskapleg behandlingstilbod.
Vi ønske deg velkomen som søkjar på stillinga!
ArbeidsoppgåverOppfølging og behandling av pasientar i LAR
Behandlingsansvar for eigne pasientforløp
Medikamenthandtering og oppfølging av legemiddelbehandling
Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Bidra til vidare utvikling av behandlingstilbodet
Dokumentasjon og journalføring i samsvar med gjeldande krav
KvalifikasjonarBachelor i sjukepleie /vernepleie
Ønskeleg med relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rusbehandling, men oppmoder også deg uten vidareutdanning til å søke
Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Førarkort klasse B
Personlege eigenskaparDu er fleksibel og løysingsorientert
Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Du er nytenkande, ansvarsbevisst og endringsorientert
Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyrEin inkluderande arbeidsplass
Eit erfarent tverrfagleg arbeidsmiljø
Regelmessig rettleiing og fagutvikling
Moglegheit for kurs og kompetanseheving
Arbeidstid er p.t dagtidsstilling utan turnusarbeid (08.00–16.00)
Stor grad av sjølvstende i arbeidshverdagen
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her!
KontaktinformasjonAnn Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar
ArbeidsstadNorddalsveien 37
6516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5194611241
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.