Seksjonsleiar kontor
Kreftklinikken, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du leie og utvikle ei sentral merkantil eining i eit av landets største kreftmiljø?
Kreftklinikken har regionalt ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Vestland og Rogaland. Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle framtidas kreftbehandling og pasientforløp, og dei merkantile tenestene er ein viktig del av dette arbeidet.
No søkjer vi ein seksjonsleiar for kontorseksjonen. Dette er ei sentral leiarstilling med ansvar for 21 medarbeidarar og ein seksjon som har ei nøkkelrolle i pasientforløpa våre. Dei merkantile medarbeidarane møter pasientar og pårørande, koordinerer undersøkingar og behandling, følgjer opp ventelister og bidrar til at klinikken fungerer effektivt og forsvarleg.
Vi ser etter deg som kombinerer forståing for sjukehusdrift og pasientadministrative arbeidsprosessar med evne til å skape engasjement, utvikle medarbeidarar og gjennomføre endringar i samarbeid med andre.
Seksjonen står framfor spennande utviklingsarbeid knytta til arbeidsmiljø, oppgåvedeling, digitalisering og kontinuerleg forbetring, og du vil få ei sentral rolle i dette arbeidet.
ArbeidsoppgåverLeie, utvikle og følgje opp kontorseksjonen med ansvar for fag, økonomi og personal
Bidra til eit godt arbeidsmiljø, høg medarbeidarinvolvering og eit nærværsskapande arbeidsliv
Drive utviklings- og endringsarbeid i samarbeid med medarbeidarar, leiarar og fagmiljø
Vidareutvikle arbeidsprosessar og organisering for å møte framtidige behov
Følgje opp aktivitet, kvalitet, ventelister og fristbrot ved hjelp av styringsdata og rapportering
Analysere og nytte relevante data som grunnlag for styring og utvikling av seksjonen
Bidra til god koordinering mellom kontorseksjonen og kliniske fagmiljø
Vere fagleg ressurs og støttespelar innan pasientadministrative arbeidsprosessar
Delta aktivt i klinikken si leiargruppe
KvalifikasjonarRelevant høgare utdanning eller annan relevant bakgrunn innan helseadministrasjon eller merkantil drift
Leiarerfaring med personalansvar er ein fordel
Erfaring frå spesialisthelsetenesta eller annan kompleks kunnskapsorganisasjon
God forståing for pasientadministrative arbeidsprosessar og merkantil drift i sjukehus er ønskjeleg
Erfaring med styringsdata, rapportering, kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring er ein fordel
Relevant leiarutdanning er ønskjeleg. Særleg relevant erfaring kan kompensere for manglande formell leiarutdanning
God digital kompetanse og evne til å ta i bruk nye verktøy og arbeidsmetodar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskaparVi ser etter ein leiar som:
Skapar tillit, retning og engasjement
Er trygg i leiarrolla og evnar å stå i krevjande situasjonar
Får medarbeidarar med seg i utvikling og endring
Byggjer gode relasjonar og samarbeider godt på tvers av fagområde
Har gjennomføringsevne og evnar å omsetje mål til praksis
Arbeider strukturert, analytisk og løysingsorientert
Bidrar til ein open, inkluderande og utviklingsorientert kultur
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyrEi sentral leiarstilling i ein klinikk med høge ambisjonar
Moglegheit til å påverke utviklinga av viktige pasientadministrative tenester
Eit sterkt fagmiljø og engasjerte medarbeidarar
Leiarfellesskap i ein klinikk i utvikling
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonOddbjørn Straume, Direktør, 47304887
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5175491579
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.