Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Nore Neset ungdomsskule

Arbeidssted
BJØRNAFJORDEN, OS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
21. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Nore Neset ungdomsskule har ledig eit 100 % lærarvikariat for skuleåret 2026-2027, med tilsetjing frå snarast. I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satser også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet. Vi søkjer deg som ønskjer å bidra til eit inkluderande læringsfellesskap, fagleg utvikling og gode resultat for elevane. Du blir ein del av eit mangfaldig fagmiljø som arbeider målretta for læring, trivsel og meistring for alle elevar. Om arbeidsstaden Nore Neset ungdomsskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik. Skuleåret 2026-2027 har skulen 467 elevar og om lag 65 tilsette. Vi held til i eit flott skulebygg frå 2014 og har eit topp moderne idrettsanlegg like ved. Du kan lesa meir om Nore Neset ungdomsskule på nettsida vår: www.nnus.no  Arbeidsoppgåver - Ordinær undervisning i klasse eller gruppe - Individuell tilrettelagt opplæring kan vere aktuelt - Bidra i skulen sitt systematiske arbeid for eit trygt, inkluderande og godt psykososialt skulemiljø etter opplæringslova kapittel 12 Skulen har behov for kompetanse innan: fransk, kunst og handverk, musikk, kroppsøving, matematikk, naturfag og engelsk. Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Vi ser etter medarbeidarar som: - er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell - er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid - er framtidsretta innan digital undervisning - er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar - har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer - arbeider strukturert, systematisk og sjølvstendig - er fleksibel og kan tilpasse seg behova i skulekvardagen - bidreg positivt til arbeidsmiljøet og har god forståing for skulen som organisasjon Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Kvalifikasjonar - Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. - God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. Vi tilbyr:  - Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø - Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring - Løn etter gjeldande avtalar - Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse. Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.