I Sygnir jobbar du med det som betyr noko, kvar dag!
Sygnir As Avd Aurland
- Arbeidssted
- AURLAND, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- Snarest
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Elektrifiseringa av samfunnet gir oss stadig meir å gjera, og me gjer store investeringar i nettet. På montørbasen blir du del av eit fagmiljø med kort veg til avgjerd og høg grad av involvering. Du får eigarskap til jobben du gjer, innspel som blir tekne på alvor og eit lag som løftar kvarandre.
Hva vi ser etter
Fagbrev energimontør
Førarkort klasse B (BE og C er ein fordel)
Jobbar trygt, strukturert og tek HMS på alvor
Er fleksibel og komfortabel med ulike fagområde
Fagleg engasjert og nysgjerrig
Lagspelar som inkluderer andre og bidreg til godt miljø
God til å rettleia og følgja opp lærlingar
Arbeidsoppgaver
Hos oss får du ein kvardag som kombinerer moderne teknologi, praktisk arbeid i felt og variert terreng som gir deg faglege utfordringar. Me jobbar breitt - du deltek i drift, byggjing og vedlikehald av høgspent, lågspent, linjer og kabelanlegg, nettstasjonar og transformatorstasjonar. Du kan inngå i beredskaps- og vaktordning. Her kan du utvikle deg.
Vi tilbyr
Me gir deg utviklingsmoglegheiter i eit sterkt fagmiljø, med varierte og utfordrande oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktig løn, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og du kan delta i aktivitetar saman med kollegaer i fritida i regi av bedriftsforeininga Kraftlaget. Hos oss får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi -- du leverer kritisk infrastruktur og bidreg til eit meir berekraftig Sogn.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.