Driftseiningsleiar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVil du leie PST Møre og Romsdal?
Vi søkjer ein engasjert og strategisk leiar til stillinga som politiinspektør med ansvar for PST si verksemd i Møre og Romsdal.
Stillinga er ein del av leiargruppa til politimeisteren og er stadsplassert i Ålesund eller Kristiansund.
Politiets sikkerhetstjeneste (PST) er den nasjonale etterretnings- og tryggingstenesta i Noreg og har ei viktig rolle i å verne demokratiet, borgarane og dei vitale samfunnsinteressene. PST er ei fleirfagleg teneste med behov for variert kompetanse. PST er fagleg leia av Den sentrale enhet (DSE) i Oslo. PST har distriktskontor i alle politidistrikt i landet, og PST sitt samfunnsoppdrag lokalt blir tatt hand om av politimeisteren i Møre og Romsdal gjennom PST si distriktseining.
Er du klar for å bidra til dette viktige arbeidet i ein utfordrande og meningsfull leiarposisjon? Då kan dette vere stillinga for deg.
Dette ser vi etter hos ein ny leiarVi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare at ein opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evne til å sørgje for eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
ArbeidsoppgåverDu skal leggje til rette for at eininga bidreg til å handtere dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket lokalt og nasjonalt.
I tillegg skal du initiere og leggje til rette for god samhandling på tvers av PST sine distriktseiningar og DSE. Eit velfungerande og tett samarbeid med politiet og andre relevante partnarar er også av høg viktigheit og forventa. Du vil vere ansvarleg for rapportering, samt operativ og strategisk avgjerdsstøtte til politimeisteren og Sjef PST. I tillegg skal du bidra til å utvikle og gjennomføre nasjonale strategiar i PST.
Du vil også ha budsjett-, resultat- og personalansvar for eininga, inkludert ansvar for effektiv ressursutnytting, måloppnåing og høg kvalitet i tenesteproduksjonane. Som leiar i PST har du også ansvar for at medarbeidarane har kunnskapen, ferdigheitene og haldningane som varetar tryggleiken i PST.
Det skal vere godt og givande å jobbe i PST. Det er derfor viktig at du evner å vedlikehalde og utvikle arbeidsmiljøet i PST Møre og Romsdal i tråd med den kulturen og dei verdiane vi ønskjer. Ved å fokusere på strategisk kompetanseutvikling vil du vere ansvarleg for å byggje kompetansen til eininga i tråd med den forventa utviklinga i trusselbiletet.
Det vil nærmare bli gjort greie for andre arbeidsoppgåver under intervjuet.
KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert:
bestått Politi(høg)skolen eller mastergrad i rettsvitenskap/juridisk embetseksamen
relevant leiarfaring
god resultatoppnåing frå tidlegare stillingar
god forståing for lovmessige moglegheiter og avgrensingar
god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
må kunne kunne bli klarert og autorisert for Strengt hemmelig og Nato Secret
Det er også ønskjeleg med
leiarutdanning
god kjennskap til partssamarbeid etter Hovedavtalen i Staten
god kompetanse innan innovasjon og bruk og utvikling og av teknologi i det daglege arbeidet
erfaring/utdanning innan etterretning
erfaring frå å handtere media
Personlege eigenskaparempatisk, god på relasjonar, kommunikasjon og samarbeid
inspirerande/motiverande leiarstil
fagleg og personleg integritet og høge etiske standardar
god evne til å tenke heilskapleg, langsiktig og strategisk
god evne til å organisere og fordele arbeid
stødig og god vurderings- og avgjerdsevne
løysingsorientert med god gjennomføringsevne
Motivasjon og personlege eigenskapar vil bli vektlagt i rekrutteringsprosessen. Du må ha dei personlege eigenskapane som ei tryggingstjeneste krev. Profesjonalitet, pålitelegheit, lojalitet og dømmekraft er nøkkelomgrep i denne samanhengen. Som tilsett i ein beredskapsorganisasjon er det forventa det at du er fleksibel og villig til å yte ekstra når situasjonen krev det.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel ossei utfordrande og meiningsfull stilling for deg som vil vere med på å utvikle PST og Møre og Romsdal politidistrikt
fast stilling som politiinspektør (stillingskode 0290) med årslønn på kr. 1 200 000 til kr. 1 250 000. For særskilt kvalifisert søkjar kan noko høgare lønn vurderast. Særavtale for leiarar med uregulert arbeidstid gjeld for stillinga.
medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
tilknyting til bedriftshelsetjeneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.