Avdelingsleiar
OPK-KN - Avd. HUM 1, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- ALVER, ISDALSTØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Knarvik vidaregåande skule har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar. Du blir del av skulen si leiargruppe med rektor, ass. rektor, og 7 andre avdelingsleiarar, og får ansvar for studiespesialiserande utdanningsprogram med tilsaman omlag 20 tilsette. Ansvarsområde for stillinga kan bli endra.
Du får ei viktig rolle i utviklinga av skulen, i lag med resten av leiargruppa. Vår visjon er læring og vekst for alle. Utviklingsplanen vår har tre hovudområde dette skuleåret; vurdering integrert i opplæringa, trygt og godt skulemiljø og kunstig intelligens.
Skulen har 870 elevar, 170 tilsette og ligg 25 min frå Bergen sentrum med hurtigbåt, og er lett tilgjengeleg med direkte ekspressbussar.
Vi har mange ulike utdanningsprogram innanfor både yrkesfag, studiespesialisering, yrkesfagleg studiekompetanse (TAF/YSK) og tilrettelagt opplæring.
ArbeidsoppgåverSom avdelingsleiar er du ein del av leiargruppa til skulen og har leiaroppgåver innanfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon. Du set elevane si læring og utvikling i sentrum og følgjer opp elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte fagleg og sosialt.
Du har personalansvar for dei tilsette i avdelinga, med ansvar for vikarhandtering. Du vil saman med andre avdelingsleiarar få overordna ansvar for skuleårsplanlegging, timeplanarbeid og drift av InSchool. Du vil jobba med pedagogisk og fagleg utvikling og ha tett samarbeid med dei andre avdelingsleiarane.
Alle avdelingsleiarar har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med trygt og godt skulemiljø. KvalifikasjonarKrav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
Ønskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaring
Ønskjeleg med utdanning i fag som avdelinga tilbyr
God kunnskap om vidaregåande opplæring
Kjennskap til administrative program som Visma in school, Visma enterprise, Elements, itslearning er ein fordel.Personlege eigenskaparDu likar å jobbe med ungdom!
Du er ein synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit
Du er strukturert, utviklingsorientert og sjølvstendig og har stor gjennomføringskraft
Du lyttar til medarbeidarane dine og er god på skriftleg og munnleg kommunikasjon
Du er ein samlande leiar som skaper oppslutning
Du er god på å samarbeide
Du er god til å byggje relasjoner
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagd
Vi tilbyrEin spennande pedagogisk leiarstilling på ein stor og utviklingsorientert skule
Eit godt arbeids- og fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer
Ein skule med ambisjonar på vegner av elevane
Gode offentlege løns- pensjons- og forsikringsvilkår
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule
Leiarutviklingsprogram i regi av VLFK
Moglegheiter for videreutdanning innan leiing (rektorutdanning)
KontaktinformasjonUlrik Schütz, Rektor , 90604879
Hilde Fiske Hugaas, Ass. rektor, 92048899
ArbeidsstadJuvikstølen 9
5916 Knarvik
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5177365078
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.