Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog heimeteneste
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
- Arbeidssted
- ÅLESUND, ØRSKOG, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
I distriktet Ørskog, har vi ledig 100 % fast stilling som sjukepleiarar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg.
Verksemda har midlertidig økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar.
Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.
Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter. Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport
ved kontorbasen.
Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, osv.
ArbeidsoppgåverSikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer
Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
Legemiddelhåndtering, medisinsk behandling og oppfølging
Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar
Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell
Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktøra
Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen
KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar
3.års sjukepleiestudentar kan søke, men med forbehold om godkjent autorisasjon
Relevant erfaring er ein fordel
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
Beherske IKT-verktøy
Førerkort klasse B
Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)
Personlege eigenskaparTrygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten
Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
Sjølvstendig og samarbeidsorientert
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Nytenkande og endringsvillig
Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyrEin interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Et støttende og engasjert kollegialt miljø
Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
Pensjonsordning i henhold til tariff
Bedriftshelsetjeneste
IA bedrift
KontaktinformasjonMaren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, 950 65 938, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.no
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
ArbeidsstadSteinholtvegen 6
6240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5172534604
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.