Sjukepleiar – få variasjon utan å bytte jobb
Bemanningssenter, fast ansatte, Haugesund Sjukehus
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
✨ Du treng ikkje velje éi avdeling for å få fast jobb hos oss.
Ved Bemanningssenteret i Haugesund får du jobbe på fleire avdelingar og klinikkar. Du får bruke sjukepleiefaget på ulike måtar, møte mange pasientgrupper og bli kjent med fleire gode kollegaer.
Dette er ein jobb for deg som likar variasjon, vil utvikle deg fagleg og ønskjer ein fast jobb med god oversikt over når du skal jobbe. Du får årsarbeidsplan, faste fagdagar i turnusen og fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner i året i full stilling.
👉 Klar for å prøve noko litt annleis? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send oss ein søknad – vi gler oss til å bli kjent med deg.
Kva går jobben ut på?Arbeidsoppgåvene vil vere:
Sjukepleie og oppfølging av pasientar på ulike avdelingar.
Undersøkingar og praktiske prosedyrar.
Dokumentasjon og administrative oppgåver.
Samarbeid med andre faggrupper og avdelingar.
Oppfølging og rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
Studentansvar der det er aktuelt.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Du må ha:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Grunnleggande IT-kunnskap.
Det er ein fordel om du har:
Erfaring frå sjukehus men ikkje et krav
Kjennskap til DIPS og Meona.
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss passar du god om du:
tek ansvar og er til å stole på
spør når du lurer på noko
samarbeider godt med ulike kollegaer og faggrupper
klarer å tilpasse deg nye avdelingar og arbeidsmåtar
møter pasientar og kollegaer på ein trygg og god måte
ønskjer å halde deg fagleg oppdatert
bidreg til eit godt arbeidsmiljø, også når dagen er travel
Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har lyst til å lære, trivst med variasjon og ønskjer å bruke sjukepleiefaget på fleire måtar.
Kvifor skal du velje sjukepleiar stilling hos oss?Hos oss får du:
100 % fast stilling
fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner per år i full stilling
årsarbeidsplan, slik at du veit når du skal jobbe
moglegheit til å arbeide på poliklinikk og sengepost
faste fagdagar i turnusen
erfaring frå fleire avdelingar og klinikkar
god innsikt i ulike pasientforløp
Dette er ein god jobb for deg som vil utvikle deg som sjukepleiar, men ikkje ønskjer å låse deg til eitt fagområde med ein gong.
🌟 Kjenner du at dette kan passe for deg? Då håpar vi du søkjer.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonToril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179
ArbeidsstadKarmsundgata 51
5529 Haugesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5189504197
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.