Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar/vernepleiar

Øysteseheimen langtidsavdeling

Arbeidssted
KVAM, ØYSTESE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Me treng deg som er sjukepleiar/vernepleiar Øysteseheimen søkjer sjukepleiar eller vernepleiar til 80% fast stilling Ledig frå 1.januar 2027, oppstart etter avtale Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og 3.kvar helg Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese.  Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom. Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving. ArbeidsoppgåverOppgåver knytt til pasientoppfølging  Medisinske prosedyrar  Koordinering av pleieplanar  Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel Fagutvikling KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid i eldreomsorg, vil dette bli vektlagd God kommunikasjonsevner Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg Du må kunne arbeida sjølvstendig Gode samarbeidsevner Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter Personlege eigenskaparInteresse for fagfeltet geriatri og demensomsorg Engasjert og positiv Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg Fleksibel og løysingsorientert Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Me tilbyrEin arbeidstad i utvikling Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø Varierte arbeidsoppgåver Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)  Gode pensjons- og forsikringsordningar   Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.    KontaktinformasjonAnna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, 974 84 612 ArbeidsstadSkårdalsvegen 20 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5192482449 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.