Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Voss barnehage søkjar deg!

Voss herad Voss barnehage

Arbeidssted
VOSS, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Voss barnehage søkjer ein engasjert fagarbeidar til ei 100 % vikariat med snarleg oppstart. Stillinga varer fram til 31.07.2027 (kan verta forlenga).Du blir del av eit tverrfagleg team som arbeider tett opp mot tre barn med autisme. Teamet er sett saman av barnehagelærarar og fagarbeidarar. Hjå oss møter du dyktige kollegaer og  vakker natur rett utanfor døra. Me har eit fagmiljø som er oppteke av utvikling, og er i oppstarten av eit prosjektarbeid med "Kollektiv kompetanseheving". Dette er eit samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon.  Me har òg stort fokus på tilbakemeldingskultur i barnehagen. Lesing og språkutvikling er felles satsingsområde for dei kommunale barnehagane i heradet, der me har som mål at alle barn skal bli lest for kvar dag. Barnehagen sin eigen visjon er "Vennskap og meistring"; at alle born skal ha nokon å leika med , og oppleva meistring kvar dag. Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette. Arbeidsmiljøet er prega av mykje humor og nærvær.  Hjå oss får du:  Engasjerte og dyktige kollegaer Eit godt arbeidsmiljø med mykje humor  Tett støtte frå pedagogiske leiare og styrarane Moglegheit til fagleg utvikling gjennom eksterne kurs, rettleiing og intern kompetanseheving Som tilsett i Voss herad får du: Rettleiing for nytilsette Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverk og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår Arbeidsoppgåver Arbeid med, og oppfølging av barn med autismespekterforstyrring Delta aktivt i planlegging, gjennomføring og vurdering av det pedagogiske arbeidet Samarbeid med føresette, kollegaer og andre relevante faginstansar Delta i daglege rutinar og aktivitetar i barnehagen Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ynskjeleg Erfaring med, eller interesse for arbeid med barn med særskilde behov, spesielt autisme, er ynskjeleg Assistent med relevant erfaring og personlege eigenskapar vil bli vurderte Me ser etter deg som: Har evne til å byggje gode relasjonar med barn, føresette og kollegaer. Kan arbeide sjølvstendig, samstundes som du samarbeider godt med andre. Er fleksibel og løysingsorientert i ein variert kvardag. Tek initiativ og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø. Kan reflektere over eigen praksis og er open for fagleg utvikling. Vil du vere med og gjere ein viktig forskjell i barna sin kvardag? Då håpar vi du søkjer. Hos oss får du arbeide i eit sterkt fagmiljø, tett på barn som treng trygge relasjonar, og vere med på å skape utvikling, meistring og gode dagar for dei som har størst behov for det. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Politiattest må leggjast fram før tiltreding. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.  I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden   Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.