Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar søkjast til eining for sikkerheit og rehabilitering

Sikkerhet- og rehabiliteringspost Valen Sjukehus

Arbeidssted
KVINNHERAD, VALEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
25. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

🌟 Vil du vere med og skape tryggleik, håp og meistring? Eining for sikkerheit og rehabilitering har ledig fast stilling som sjukepleiar. Avdelinga er ei spesialeining med åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av plassane er for kvinner med valds- og farlegheitsproblematikk, medan fire plassar er tilrettelagde for forsterka rehabilitering av pasientar med sikkerheitsproblematikk. Dei resterande plassane er for pasientar med behov for forsterka rehabilitering. 🤝 Gjennom kartlegging og utgreiing tilpassar vi behandlinga til den enkelte pasienten sitt sjukdomsbilete, evner og ressursar. Behandlinga kan omfatte legemiddel, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og tiltak som fremjar livsmeistring. Brukarmedverknad står sentralt i arbeidet vårt, og vi legg vekt på å skape trygge rammer som støttar utvikling, meistring og rehabilitering. 👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg. Søk no og bli ein del av vårt fagmiljø! Kva går jobben ut på?Sjukepleie til pasientar som treng behandling i sikkerhetspsykiatrisk døgnpost. Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar. Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring. Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten. Vere med å vurdere og lage handteringsplanar knytte til valdsrisiko. Utforme kortsiktige og langsiktige behandlingsplanar. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Norsk autorisasjon som sjukepleiar. Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri. Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar. Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du er robust og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik er initiativrik, engasjert og viser respekt for kvar enkelt pasient arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver samarbeider godt i team og bidreg til eit godt arbeidsmiljø etterspør rettleiing hvis ein er usikker på noko Personlege eigenskapar blir vektlagde.  For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje. Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du ein meiningsfull jobb der du kan følgje pasientar over tid og bidra til reell endring eit triveleg arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre strukturert opplæring og oppfølging som nytilsett internundervisning og regelmessig fagleg rettleiing Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonHelena Heimvik, Funksjonsleder, helena.heimvik@helse-fonna.no ArbeidsstadSjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5179049932 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.