Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Tannlege ved distriktstannklinikken Sykkylven

Distriktstannklinikken Sykkylven [sykkylven], Møre og Romsdal fylkeskommune

Arbeidssted
SYKKYLVEN, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
20. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Sykkylven på Sunnmøre? Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?  Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?  Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?  Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit? Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved distriktstannklinikken Sykkylven Vil du kombinere ein meiningsfull jobb, i ein topp moderne klinikk, med eit aktivt liv mellom fjord og fjell? Mellom fjord og fjell ligg Sykkylven, kjent som innfallsporten til Sunnmørsalpane. Regionen byr på naturopplevingar i verdsklasse og eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider, frå toppturar og sykling til alpint og langrenn. Samstundes finn du eit levande lokalsamfunn med eit rikt kultur- og organisasjonsliv, som gir gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar. Les meir om Sykkylven og moglegheitene for eit aktivt liv i Sunnmørsalpane: www.sykkylven.com    ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som tannlege  God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk   Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit  Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: kjenner stoltheit for tannhelsefaget  trivst med å jobbe med og for menneske  jobbar effektivt og sjølvstendig  har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert  ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø Vi tilbyrEin god jobb der du kan utvikle deg  Lønn etter avtale Etableringstilskot og flyttetilskot   Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse  Trivelege medarbeidarar og godt miljø  Introduksjonsprogram Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg  Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP) Anna Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest KontaktinformasjonBerte Helen Støylen Hole, Klinikkleder Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001 ArbeidsstadUllavikvegen 7 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5202682978 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.