Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Tilkallingsvikar Sunde barnehage

Kvinnherad kommune Sunde barnehage

Arbeidssted
KVINNHERAD, SUNDE I SUNNHORDLAND, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Annet
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Omtale av stillinga Her i Sunde barnehage har vi behov for fleire tilkallingsvikarar ved sjukdom, ferie og anna fråvær. Kven ser vi etter? Vi ser etter deg som ønskjer å arbeide saman med barn og bidra til gode dagar i barnehagen. Kanskje er du arbeidssøkande, student, tek eit friår før vidare studiar, er heimeverande eller har ei deltidsstilling og ønskjer meir arbeid i kvardagen. Vi ønskjer spesielt deg som er god på relasjonar, som møter både barn og vaksne med varme, respekt og interesse. Du er glad i å vere ute og trivst med ein aktiv kvardag i all slags vêr. I Sunde barnehage satsar vi på Uteliv og Leselyst. Vi ønskjer at barna skal få rike naturopplevingar, utforske nærmiljøet og oppleve gleda ved å vere ute. Samtidig legg vi vekt på høgtlesing, språk og litteratur som gir barna gode opplevingar og styrkjer leseglede og nysgjerrigheit. Arbeidsmengda vil variere gjennom året. I periodar kan det vere behov for mykje hjelp, medan det i andre periodar vil vere mindre arbeid.   Vi ønskjer at du: Er glad i barn og oppteken av å skape gode relasjonar Er positiv, omsorgsfull og ansvarsbevisst Er glad i å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar Er fleksibel og kan stille på kort varsel når det er behov Bidreg til eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø Vi tilbyr: Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og støttande kollegaer Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag Moglegheit til å få erfaring frå arbeid med barn Verdifull erfaring for deg som vurderer utdanning eller arbeid innan oppvekst, pedagogikk eller helse Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP   Høyrest dette interessant ut? Då håpar vi å høyre frå deg! ????   Gyldig politiattest må framleggjast før oppstart. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.