6,5 % fast stilling som assistent Hagahaugen drift
Voss herad Hagahaugen Drift
- Arbeidssted
- VOSS, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillinga
Hagahaugen drift søker assistent i 6,5% fast stilling som helgevikar kvar 3.søndag med moglegheiter for ekstravakter.
Stillinga inneber resepsjonsansvar med hovudansvar for terapibasseng. Betjene kasse, telefon, kundekontakt samt utleie av konferansesal. Det ligg også reinhald samt driftsrutinar til stillinga. Stillinga inngår i turnus med jobb kvar 3.søndag.
Me tilbyr
Løn etter kommunalt avtaleverk
Full opplæring innan livredning/fyrstehjelp, brannansvar, reinhald og driftsrutinar
Arbeidsoppgåver og ansvar
Ansvar for resepsjon, betjene kasse samt kundekontakt.
Bidra til reinhald i bassenget og andre aktuelle plassar på bygget.
Faste driftsrutinar.
Brannansvar.
Leige ut lokale.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Kva ser me etter?
Du har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Du har gode symjekunnskapar
Du er ansvarsbevisst og handterer myndig situasjonar når det trengst.
Du er serviceinnstilt og løysningsorientert.
Fleksibel og lojal ovanfor kollega, pasient og arbeidsgjevar
Evner å arbeide sjølvstendig og i team
God evne til samarbeid og kommunikasjon
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Kvifor velja Voss herad?
Om du har gullmedalje frå OL eller helst ser sport på TV, er du ein av oss. Om du diggar smalahove eller er vegetarianar, er du ein av oss. Om du hoppar i fallskjerm eller går tur på flatmark, er du ein av oss. Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Og treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.