Er du sjukepleiarstudent ? Jobb eit år - få bonus !
Herøy kommune, Pleie- og omsorgsavdelinga
- Arbeidssted
- HERØY (MØRE OG ROMSDAL), FOSNAVÅG, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Annet
- Antall stillinger
- 5
Stillingsdetaljer
Vi søker engasjerte sjukepleiarstudentar som ønska verdifull erfaring og eit ekstra løft i studietida. No tilbyr vi ei eiga stilling med bonusordning for deg som vil jobbe hos oss i eitt år!
Herøy kommune tilbyr stipend på 30 000 kr årleg til studentar som går 1., 2. eller 3. året. Avtalen gjeld for eit år i gongen, og stipendet blir utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over. For å få stipend må den tilsette jobbe tolv helgar i året og fem veker om sommaren i hovudferieavviklinga.
Det er ledige stillingar, på Herøy omsorgssenter raud, Eggesbøtun og Myrvåg seksjon A
Arbeidsoppgåver helse -og omsorgsoppgåver tilpassa kompetanse i utdanningsløp
Kvalifikasjonarer i eit utdanningsløp innan sjukepleie eller vernepleie
erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskaparlikar å arbeide med menneske
ønsker å samle praktisk erfaring under utdanning
samarbeider godt i team
er strukturert og lærevillig
er løysingsorientert og fleksibel
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyrløn etter gjeldande tariffavtale
kommunen har eigen lønsstige til studentar i relevant utdanningsløp
pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
Informasjon til søkar:
kommunen har stipendordning med 30.000 kroner som eingongssum
du må binde deg til å arbeide i heil stilling i fem veker i hovudferien (juni til august) og minimum tolv helgar i året (to til tre av helgene må vere i hovudferien)
det er ikkje mogleg å inngå avtale for delar av perioden
ved brot på avtalen fell stipendet bort
dersom du sluttar på studiet, fell stipendet bort
ved alt fråvær må vaktene jobbast inn igjen
arbeidsgivar tildeler arbeidsstad etter behov
Tilsetting på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
KontaktinformasjonGry Dragsund-Vike, Avdelingsleiar, +47 98075478
ArbeidsstadSjukeheimsvegen 5B
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 5175598528
Stillingsprosent: 13%
Anna
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.