Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde

Hjelpemidler, Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen

Arbeidssted
BERGEN, KOKSTAD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
30. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
4

Stillingsdetaljer

Vil du vere med å gjere ein forskjell? Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har ledig fire faste 100 % stillingar som tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevingar og ønsker å bidra til Nav sitt viktige samfunnsoppdrag. Tolketenesta på hjelpemiddelsentralen er i utvikling, og vi ønsker å styrke både kompetansen og kapasiteten vår. Vi treng fleire dyktige tolkar som kan vere med på å sikre fagleg sterke og brukarvennlege tenester for døve, høyrselshemma og døvblinde. Ressursane skal hjelpe oss å møte eit aukande behov for tolkehjelp og vidareutvikle tolketilbod av høg kvalitet. Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Bergen har omlag 120 tilsette og held til på Kokstad i Bergen. Hjelpemiddelsentralen har eit overordna ansvar for forvaltning og formidling av tekniske hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetting, rådgjeving innan hjelpemiddel og tilrettelegging på arbeidsplassen, og tolketenester for døve, høyrselshemma og døvblinde. Vi er organisert under Nav hjelpemiddel og tilrettelegging som består av omlag 1300 tilsette og 14 hjelpemiddelsentralar på landsbasis. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med god kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemiddel og teknologi kan fremme funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle. Tilsette på hjelpemiddelsentralen har brei fagleg bakgrunn, og vi løyser oppgåvene gjennom tett tverrfagleg samarbeid. Vi gjev bistand til brukarar, kommunar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar gjennom rådgjeving, opplæring og tilrettelegging. Arbeidsoppgavertolking for døve og høyrselshemma, både oppmøtetolking, skrivetolking og skjermtolking, og tolking/ledsaging for døvblinde bidra til fagleg utvikling av tenesta tolking til og frå engelsk rettleiing av praksisstudentar ved behov KvalifikasjonerVi ser etter deg som har: bachelor i teiknspråk og tolking eller tidlegare tilsvarande utdanning førarkort klasse B, fordi tenesta er ambulant gode evner til å kommunisere munnleg og skriftleg   Vi ønsker at du har: god kompetanse i alle tolkemetodar arbeidserfaring som teiknspråktolk, skrivetolk og tolk for døvblinde gode datakunnskapar gode ferdigheiter i engelsk, fordi vi også har oppdrag med tolking til/frå engelsk Personlige egenskaperKommunisere tydeleg og samarbeide godt - du trivst i team og kan bygge gode relasjonar med kollegaer og brukarar. Vere robust og ha god arbeidskapasitet - du handterer varierte arbeidsoppgåver og held hovudet kaldt i travle periodar. Vise engasjement og vere serviceinnstilt – du møter brukarar med respekt og profesjonalitet, og jobbar målretta for gode resultat. Jobbe effektivt og fleksibelt – du tilpassar deg endringar og taklar uventa hendingar med ro og løysingsorientering. Ta ansvar for eiga fagleg utvikling – du er sjølvstendig og nysgjerrig og ønsker å halde deg fagleg oppdatert. Etterleve reglar for offentleg forvaltning og krav til etikk – du har høg integritet og god forståing for rolla som offentleg tilsett. Vi legg stor vekt på kven du er som person og korleis du bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyrOm du blir tilsett hos oss, får du: spennande og meiningsfylte oppgåver innan eit svært viktig samfunnsoppdrag aktive og engasjerte kollegaer fleksitidsordning moglegheit for å trene i arbeidstida moglegheit for hybrid arbeidskvardag jobbe i trivelege lokale på Kokstad god pensjonsordning i Statens pensjonskasse stillingskode 1434 rådgjevar med lønnsspenn frå kr 639 000,- til 693 999,- avhengig av utdanning og kvalifikasjonar For særskilt kvalifiserte søkarar kan stillingskode 1364 seniorrådgjevar vurderast.   Korleis er det å jobbe hos oss – eigentleg? Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du får tilbod om stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du kan snakke med nokre av medarbeidarane våre og stille dei spørsmåla som kan gjere deg tryggare på at vi er ein god match. Kontaktperson Hans Jørgen Svabekk, avdelingsleiar, tlf. 92 66 31 11, e-post Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no KontaktinformasjonHans Jørgen Svabekk, Avdelingsleiar, 92 66 31 11, Hans.Jorgen.Svabekk@nav.no ArbeidsstedKokstaddalen 35 5257 Kokstad Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Nav Referansenr.: 5176396958 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.