Ledige sjukepleie- og helsefagarbeidarstillingar i tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Vågåheimen
Vågåheimen
- Arbeidssted
- VÅGÅ, INNLANDET
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 3
Stillingsdetaljer
Ved institusjon Vågåheimen i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nære samarbeid med heimetenesta, legetenesta, friviljuge, tenestemottakarar og pårørande. Ved oppstart hjå oss får du god opplæring og oppfylging av dyktige kollegaer som gler seg på å få deg med på laget.
Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar, helsefagarbeidar, eller som har byrja på desse utdanningane.
I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med m.a. bygging og oppgradering av bygget Vågåheimen til ein topp moderne institusjon! Vi har stort fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving for våre tilsette. Vi arbeider dagleg med å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Vi har behov for tilsette, både Sjukepleiarar og Helsefagarbeidarar, både i faste stillingar og vikariater, og i ulike stillingsstørrelser. Fortel oss kva som passer for deg i din søknad! Enten du vil jobbe 2 delt eller 3 delt turnus, kvar 3 helg med vanlege vakter, eller kvar 4 helg med langvakter.
Vi treng også tilkallingsvikarar på Vågåheimen, her kan alle yrkesgrupper søke.
Tenesteområdet Helse- og omsorg (heimesjukepleie og institusjon Vågåheimen) har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Ansvarsvakt sjukepleiar på natt har ekstra godtgjersle.
Arbeidsoppgåver:
Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
Samarbeid med heimetenesta, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar
Ansvarsvakt for sjukepleiarar
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar/ fagbrev helsefagarbeidar eller har starta på utdanningane
Relevant erfaring er ynskjeleg, men ikkje naudsynt
Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
God fagleg innsikt og tryggheit
Eigenskapane dine:
Fagleg engasjert
Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
Kreativ og endringsorientert/-viljug
Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
Initiativrik og søkjer å finne gode løysingar til det beste for fellesskapet
Bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Fleksibel, lojal og er ein lagspelar
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vekt
Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling, der du som tilsett vert viktig for utvikling av tenesta
Eit godt fagmiljø, med dyktige og rutinerte kollegaer
Internundervisning, kompetanseheving, refleksjonsmøte og fagleg utvikling
Konkurransedyktig lønn
Kommunen kan vera behjelpeleg med å skaffe til vege mellombels bustad for deg som ikkje kan dagpendle.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Venlegast informer i søknaden om du kva for type stilling du ynskjer, samt ynskjeleg stillingsprosent.
Søknad
Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.