Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Barne- og ungdomsarbeidar i 100 % fast stilling

Lom Kommune Sentraladministrasjon

Arbeidssted
LOM, INNLANDET
Publisert
Søknadsfrist
16. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og bidra til ein trygg og inspirerande barnehagekvardag i Lom? Lom kommune har ledig to 100 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Vi ønskjer oss nokon som har eit ekte engasjement for barn, og som vil bidra til gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen. Kven ser vi etter? Du møter barn og vaksne på ein open og respektfull måte og har eit godt blikk for behova til det enkelte barnet. Du trivst med å vere ein del av eit lag, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du er fleksibel, finn gode løysingar og bidreg positivt i arbeidsmiljøet. Vi ønskjer at du: • er til stades og oppmerksam i møte med barna • er omsorgsfull, trygg og tydeleg • tek ansvar og initiativ i kvardagen • samarbeider godt med føresette og kollegaer • er fleksibel og løysingsorientert • likar å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar • er interessert i fagleg utvikling Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på. Kvalifikasjonar Vi ønskjer helst at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men oppmodar også ufaglærte til å søkje. Har du dei rette personlege eigenskapane og eit ekte engasjement for arbeid med barn, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg. Vi ønskjer også at du: • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg • gjerne har relevant erfaring frå arbeid med barn Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna • Leggje til rette for leik, læring og utvikling • Byggje gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer • Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar • Bidra i utviklinga av det pedagogiske arbeidet i barnehagen Vi tilbyr Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø Eit godt fagmiljø på tvers av barnehagane, med moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving Tariffesta løns- og pensjonsvilkår Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag Flotte omgjevnader og gode moglegheiter for å bruke naturen i barnehagekvardagen Praktisk informasjon Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetjing Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju Namn på søkjarar blir offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.