Sjukepleiar
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med på laget vårt?
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde har ledig 80% stilling som sjukepleiar, med arbeid kvar 3.helg. Arbeidstida er for tida på natt. Oppstart etter nærare avtale med seksjonsleiar.
Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde er ein vaksenpsykiatrisk døgnseksjon med 16 plassar der 2 plassar er brukarstyrte. Seksjonen har ei rekke gruppetilbod for både inneliggande og polikliniske pasientar. Vi arbeidar for fokus på verdibasert behandling for pasientane våre og arbeider med å implementere dette i seksjonen. Samhandling med pasient, pårørande, interne og eksterne samarbeidspartnarar er viktig i pasientforløpet. På seksjonen vår er vi ein inkluderande gjeng der tilsette jamleg tar initiativ til sosiale aktiviteter.
I tilfelle intern omrokkering kan andre stillingar verte ledig.
ArbeidsoppgåverUlike faglege prosedyrar
Miljøterapeutiske oppgåver rundt enkeltpasientar
Arbeide etter behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
Dokumentasjon i Helseplattformen
Praktiske oppgåver i seksjonen
Bruke "Kompetanseportalen" aktivt for å vedlikehalde kompetanse
KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar
Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg
Må ha gode datakunnskapar
Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
Førarkort klasse B
Personlege eigenskaparDu er sjølvstendig, men også god på samarbeid og trivast med å jobbe i tett samhandling med andre
Du er ein god bidragsytar arbeidsmiljø
Du kommuniserar godt både internt og eksternt
Du taklar raske omstillingar
Du evnar å sette deg inn i nye, digitale løysingar
Du har god arbeidshelse og trivast med å arbeide i ein hektisk kvardag med tidvis høgt tempo
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
KontaktinformasjonEline Gammelsæter, Seksjonsleiar, Eline.Gammelseter@helse-mr.no
ArbeidsstadNøisomhedvegen 12
6416 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5194669845
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.