Ledige helgestillinger ved Knarvik Sjukeheim, avdeling 2
Alver kommune
- Arbeidssted
- ALVER, ISDALSTØ, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 19. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 5
Stillingsdetaljer
Om stillingaDet er no fleire ledige helgestillingar i avdelinga. Vi har årsturnus med planlagt arbeid og fritid for 52 veker. Ledige stillingar både kvar 3. helg, eller annakvar helg. Å jobbe helg hos oss, er viktige stillingar. Vi ser derfor etter deg som er motivert, stødig og stabil.
Om avdelingaAvdeling 2 har 29 pasientrom. Vi har todelt pasientgruppe, ei korttidsgruppe med pasientar som er her på tidsavgrensa og målretta opphold, og ei langtids- somatisk pasientgruppe som bur her fast. Det er naturleg å variere mellom begge gruppene når ein er tilsett her. Avdelinga har mange flotte fagpersoner i sving kvar dag, og det er ei aktiv avdeling med eit godt fleirfagleg samarbeid.
Vi ser etter nye kollega til å jobbe faste helgevakter.
Vi ser etter nye kollega til å jobbe faste helgevakter.
ArbeidsoppgåverAssistere og rettleie, til gjennomføring av stell og pleie av pasientar etter individuelle behov
Planlegge og gjennomføre enkel aktivisering av pasient, i gruppe eller individuelt
Ta ansvar for ernæringsoppfølgning, enkel klargjering av måltider og assistere den enkelte pasient etter behov
Rutineoppgåver i avdeling med tildelt ansvar, t.d. postkjøkkenansvar, skylleromsansvar
Utføre oppgåver etter kompetanse, delegert frå andre. FKS. NEWS, vektkontroll, pårørandekontakt m.m.
Dokumentasjon av helsehjelp i EPJ
Sørge for at avdelinga er ryddig og triveleg
KompetansekravDet er ein fordel dersom du har fagbrev i helsefag, eller om du studerer helsefag.
Har du liknande erfaring fra tidlegare jobb er dette også ein fordel
Krav: Beherske norsk språk munnleg og skriftleg
Kven er du?Vi søker nye kollega til vår avdeling. Vi ønskjer arbeidsomme, og omsorgsfulle kollega som bidrar positivt i miljøet både med hensyn til pasientar, pårørande og kollega. Dersom du er student og ønskjer ei helgestilling, er dette ein perfekt mulighet til deg. Avdelinga vår er aktiv, og det er gode muligheter for fagleg vekst.
Vi tilbyrOpplæring
Gode og omsorgsfulle kollega
Årsturnus
Tilgjengeleg leiing
Fagleg spennande arbeidsoppgåver
PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er AlverBli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.