Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Geilneset har ledige nattevaktstillingar. 

Bu og aktivitetstenesta, Sula kommune

Arbeidssted
SULA, LANGEVÅG, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
3. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega? Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- og søkjer deg med autorisasjon som helsefagarbeidar. Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar.  I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar og arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring. Vi har ledig: Geilneset 11: 1x 84% fast nattevaktstilling som autorisert helsefagarbeidar. Stillinga er ledig frå snarast. 1x 84 % vikariat på natt som autorisert helsefagarbeidar. Ledig frå snarast og til og med 22.08.27.   Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse. Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansette funksjonsvariasjonar i bustadar for vaksne. Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Arbeidstida er lagt til ein fast turnus på natt med 10,5- timarsvakter og arbeid kvar 3. helg. Arbeidsoppgåver Arbeidet består i personleg bistand  til alle dagleglivets gjeremål. Ha evne til å sjå alle som individuelle menneske og fremje den enkelte sine ressursar.  Det vert vektlagt personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere uførutsette situasjonar. Medikamenthandtering og oppfølging av medisinske prosedyrar Dagleg dokumentasjon og journalføring. Yte fagleg forsvarleg tenester til det beste for bebuarane i tråd med kommunen sitt arbeid og tilsetjingsreglement, mål og verdiar Sikre ro, tryggleik og eit godt fysisk og psykososialt miljø gjennom natta.  Kvalifikasjonar Vi søkjer personar med gyldig autorisasjon som helsefagarbeidar. Erfaring frå liknande arbeid er føretrekt. Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk. Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan. Datakunnskap. Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg. Krav om førarkort klasse B. Politiattest.  Oppgje referanse. Personlege eigenskaparForutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske. Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team. Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress.  Arbeide systematisk etter rutinar.  Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.  Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyrEit positivt og engasjert fagmiljø. Kompetanseheving og fagleg utvikling. Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver. Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning. 20 års ansiennitetsstige God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll. Lokalt tillegg for helsepersonell. Kr 6500 for helse- og/eller sosialfagleg utdanning, kr 5000 for helsefagarbeidar ( justerast etter stillingsprosent). Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar/ vernepleiar kr 8000 pr. år, andre kr 4000 pr. år.  KontaktinformasjonCamilla Vee, Einingsleiar, +47 95710251, camilla.vee@sula.kommune.no Charlotte Vik, Avdelingsleiar, 95710246, charlotte.vik@sula.kommune.no ArbeidsstadGeilneset 11 6030 Langevåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sula kommune Referansenr.: 5194122389 Stillingsprosent: 84% Fast, Vikar Søknadsfrist: 03.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.