Vu søkjke danselæ,4% ar ved Kviteseid kulturskule i 19,4% stilling
Ved Kviteseid kulturskule
- Arbeidssted
- KVITESEID, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer ein danselærar som brenn for å undervise barn og unge i dans!
Vi har ledig ei fast stilling på 19,4 %. Undervisninga går føre seg i Kviteseidhallen og er i hovudsak knytt til SFO-tid og tidleg ettermiddag. Ønskt undervisningsdag er tysdagar i tidsrommet kl. 14.00–17.00, men andre dagar og tidspunkt kan vere aktuelle. Vi ønskjer særleg kompetanse innan moderne og urbane dansestilar som Streetdance, Hip-Hop eller Streetfunk.
Stillinga omfattar undervisning av barn og ungdom i alderen 6–16 år. Til no har undervisninga vore organisert i tre grupper: SFO-barn, elevar på 4.–7. trinn og elevar på 8.–10. trinn.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Arbeidsoppgåverplanleggje, gjennomføre og evaluere danseundervisning for barn og ungdom
skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø
tilpasseundervisninga til ulike aldersgrupper og ferdigheitsnivå
arbeide med koreografi og førebuing til framsyningar
inspirere elevane til skaparglede, sjølvutfalding og meistring gjennom dans
følgje opp elevane si faglege og personlege utvikling
I tillegg til sjølve undervisninga omfattar stillinga førebuingstid, personalmøte, oppfølging av elevar og elevlister, kontakt med føresette, samt deltaking og arrangementsansvar ved framsyningar og andre arrangement.
KvalifikasjonarRelevant utdanning innan dans eller relevant realkompetanse
Pedagogisk utdanning eller annan relevant realkompetanse
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparhar engasjement for og interesse av å undervise i dans på alle nivå i eit trygt og motiverande læringsmiljø
er påliteleg og har evne til å planleggje og informere i god tid
har gode samarbeidsevner og evne til å skape engasjement
ønskjer å bidra positivt i kulturskulen sitt profesjonelle læringsfellesskap
kan arbeide sjølvstendig og strukturert
har evne og vilje til å bruke digitale verktøy i samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
har undervisningserfaring og gjerne kan vise til referansar
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyrSamarbeid med trivelege og dyktige kollegaer i eit tverrfagleg praksisfellesskap
Løn etter gjeldande tariffavtale
KontaktinformasjonMartin Krause, Rejtor, 908 05 510, martin.krause.kviteseid.kommune.no
ArbeidsstadKnut Taraldsens veg 8
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5201837521
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.