Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

ID 2487 IKT-konsulent innan drift, informasjonssikkerheit og beredskap - IKT eininga

Stord kommune

Arbeidssted
STORD, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Stord kommune er avhengig av sikre og stabile digitale løysingar for å levere gode tenester til innbyggjarane. Kommunen behandlar store mengder personopplysningar innan mellom anna helse og omsorg, barnevern, PPT, skule og administrative tenester. Det er ledig fast 100% stilling som IKT-konsulent innan drift, informasjonssikkerheit og beredskap Støtteeining IKT har ansvar for drift, vedlikehald og utvikling av kommunen si digitale plattform. Du vert del av eit erfarent IKT-team der me legg vekt på samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar. Du får sjølvstendige ansvarsområde, men står ikkje åleine om oppgåvene. Arbeids- og ansvarsområde: Delta i operativ drift, herding og handtering av driftsavbrot og sikkerheitshendingar. Forvalte backup og gjenoppretting, gjennomføre testar og følgje opp avvik. Vedlikehalde IKT-beredskapsplan, tiltakskort og rutinar, og gjennomføre beredskapsøvingar. Gjennomføre og følgje opp ROS-analysar, DPIA-ar og databehandlaravtalar. Utarbeide og halde ved like rutinar, teknisk dokumentasjon og tiltakskort. Følgje opp leverandørar og sikkerheitskrav til skytenester. Ønska kvalifikasjonar: Relevant utdanning innan IKT, informasjonssikkerheit, datakommunikasjon eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. Erfaring med IKT-drift, Microsoft 365, Entra ID og skybaserte tenester. Kunnskap om backup, gjenoppretting, kontinuitet og IKT-beredskap. Kjennskap til informasjonssikkerheit, personvern, ROS-analysar og DPIA. Erfaring med leverandøroppfølging og vurdering av sikkerheitskrav er ønskjeleg. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk. Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og praktisk, og samarbeide godt med kollegaer, fagmiljø og leverandørar. Erfaring frå kommunal eller annan offentleg verksemd er ein fordel. Me kan tilby: Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø Eit godt arbeidsmiljø i eit erfarent team med samarbeid, kunnskapsdeling og felles ansvar Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar m.m. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk Offentleg tenestepensjon Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje. Nærare opplysingar hos einingsleiar Gisle Østrem, tlf 97552005
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.