Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar? - Sjå her!

Voss herad Område nord

Arbeidssted
VOSS, VOSSESTRAND, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
12. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vossestrand Omsorgstun ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid. Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør. Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid.  Me tilbyr Stillingsprosent etter ynskje inntil 100% Rekrutteringstillegg på kr 30.000 for sjukepleiar i turnus Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for arbeid kvar 4.helg, langvakter Om arbeidsstaden Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din. Vossestrand Omsorgstun litt vakkert plassert ved vatnet på Oppheim, omlag 20 minutt frå Voss Sentrum. Her får du som sjukepleiar arbeide i sjukeheim, men og i heimetesta då me arbeider på tvers.   Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar, studentar ferdige våren 2027 kan og søkja Meistra skriftleg og munnleg norsk  Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing  Personlege eigenskapar vert lagt vekt på  Arbeidsoppgåver Utføra sjukepleiaroppgåver; kartleggingar, behandling, observasjon og pleie Bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende Legemiddelhåndtering Dokumentasjon, samt laga og evaluera tiltaksplanar  Veiledning og opplæring av kollegaer og studentar.  Bidra til fagleg utvikling mellom anna ved å arrangere internundervisning.  Samarbeid med pasient, pårørande, sjukeheimslækjar, og anna tverrfagleg personell Nytta Velferdsteknologi   Søknad Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.