Sjukepleiar/vernepleiar
Avlastningsbustad for born, Haram kommune
- Arbeidssted
- HARAM, VATNE, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 25. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Butenesta i Haram har ledig 56,28 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlastning, stillinga er for tida på natt. Stillinga er ledig frå 1. januar 2027, eller etter avtale.
Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne.
Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
ArbeidsoppgåverMålretta miljøarbeid.
Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
Fagutvikling, sjukepleiar/vernepleiar vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga.
Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
Delta på personalmøte og andre relevante møte.
Legemiddelhandtering.
KvalifikasjonarAutorisasjon som vernepleiar, sjukepleiar eller anna treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag.
Erfaring frå arbeid med barn og unge med samansette hjelpebehov er ønskjeleg.
Erfaring med åtferdsutfordringar, autismespekterforstyrringar og psykisk utviklingshemming.
Kompetanse innan målretta miljøarbeid og miljøterapeutisk oppfølging.
Kunnskap om lovverk knytt til helse- og omsorgstenester, herunder helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ønskjeleg.
Erfaring med tverrfagleg samarbeid, og samarbeid med pårørande.
Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
Erfaring med utarbeiding og oppfølging av tiltak, målplanar og vedtak er ønskjeleg.
Førarkort kl. B.
Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar.
Det kreves også at personleg BankID eller ID-porten kan benyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov (Helseplattformen, mm)
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er:
Trygg, omsorgsfull og relasjonssterk i møte med barn og unge.
Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
Evne til å arbeide sjølvstendig og ta faglege avgjerder.
Strukturert og ansvarsbevisst.
Fleksibel og løysingsorientert.
Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyrEin kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling.
Rom for å vere kreativ.
Løn etter gjeldande tariffavtale.
KontaktinformasjonJanne Madelen Bergene, avdelingsleiar, 91161215, Janne.Madelen.Bergene@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
ArbeidsstadUlvestadvegen 6
6265 Vatne
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5202455160
Stillingsprosent: 56,28%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.