Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Nattevakt i 80% på Bjørgvin DPS (Vikariat) 

Bjørgvin DPS/ C1 Tertnes døgnbehandling, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, TERTNES, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
10. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere ein del av eit engasjert fagmiljø innan psykisk helsevern? Ved Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS), C1 Tertnes døgnbehandling, har vi ledig eit 80% vikariat for sjukepleiar på natt i perioden 25.01.27 - 09.05.27. C1 er ein open allmennpsykiatrisk døgnpost med 15 sengeplassar. Vi tilbyr utgreiing, behandling og stabilisering til vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar. Behandlinga er tverrfagleg og tek utgangspunkt i den enkelte pasienten sine behov, ressursar og mål. Som sjukepleiar på natt har du ei viktig rolle i å sikre tryggleik, kontinuitet og god oppfølging av pasientane gjennom natta. Du blir ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg utvikling og god pasientbehandling står sentralt. Vi ser etter deg som har interesse for psykisk helsevern, og som trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med kollegaer. Vi har per i dag ei turnusordning med arbeid kvar fjerde helg. ArbeidsoppgåverSjukepleiefagleg oppfølging og miljøterapeutisk arbeid med pasientar med psykiske lidingar Observere, vurdere og følgje opp pasientane sin psykiske og fysiske helsetilstand Bidra til tryggleik, stabilitet og gode rammer for pasientane gjennom natta Legemiddelhandtering i samsvar med gjeldande prosedyrar Handtere akutte og uventa situasjonar på ein trygg og fagleg forsvarleg måte Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal Samarbeid med kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartnarar Bidra til fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og eit godt arbeidsmiljø KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar Erfaring frå psykisk helsevern er ønskjeleg, men ikkje eit krav Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid er ein fordel Erfaring frå døgnbehandling og miljøterapeutisk arbeid er ønskeleg Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Grunnleggjande digitale ferdigheiter og evne til å bruke elektroniske dokumentasjonssystem Personlege eigenskaparDu er trygg, roleg og omsorgsfull i møte med menneske i krevjande livssituasjonar Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du arbeider strukturert og ansvarsmedvite, og er komfortabel med å ta sjølvstendige faglege avgjerder Du har god vurderingsevne og kan handtere både føreseielege og uventa situasjonar Du er fleksibel, løysingsorientert og bidreg positivt til arbeidsmiljøet Du møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt, openheit og profesjonalitet Vi tilbyrEit meiningsfylt arbeid der du får bidra til behandling og oppfølging av menneske med psykiske lidingar Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer Varierte og sjølvstendige sjukepleiefaglege oppgåver Tverrfagleg samarbeid og høve til fagleg utvikling Opplæring og rettleiing tilpassa erfaring og kompetanse Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å legge til rette for inkluderande rekruttering. KontaktinformasjonØyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 91810934 ArbeidsstadTertnesveien 37 5113 Tertnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5194105192 Stillingsprosent: 80% Vikariat Startdato: 25.01.2027 Sluttdato: 09.05.2027 Søknadsfrist: 10.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.