Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Miljøterapeut

Klepp kommune, Bore Skule

Arbeidssted
KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
13. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Miljøarbeidar til Bore skule og SFO (2 vikariat i 100 % stilling) Er du ein miljøarbeidar med eit varmt hjarte og eit klokt hovud? Då ynskjer Bore skule og SFO å koma i kontakt med deg! Ved Bore skule og SFO har du no ein unik moglegheit til å bli ein del av eit dyktig og engasjert arbeidsfellesskap. Vi søkjer etter medarbeidarar som kvar dag ønskjer å gje barn positive opplevingar, byggja trygge relasjonar og delta aktivt i leik og meiningsfulle aktivitetar. Om Bore skule Bore skule er ein PALS-skule (Positiv åtferd, støttande læringsmiljø og samhandling) med mål om å styrkja elevane si faglege og sosiale meistring gjennom positiv anerkjenning og ros. Skulen har 376 elevar, og av desse går 132 på SFO. Kvar elev er unik, og mangfaldet vårt er ein viktig styrkje og ressurs når vi byggjer inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring. Visjonen vår er: Blikk for alle! Bore skule er lærebedrift i barne- og ungdomsarbeidarfaget, og tek imot studentar i praksis frå barnevernspedagog- og sosionomutdanninga ved Universitetet i Stavanger. Hos oss arbeider vi saman i eit sterkt læringsfellesskap, der kvardagen er prega av gode kollegaer, eit mangfald av fantastiske barn og meiningsfulle arbeidsdagar. ArbeidsoppgåverPå Bore skule og SFO vil du, saman med kjekke og engasjerte kollegaer, delta i og ha ansvar for å gjennomføra planlagde aktivitetar i tråd med læreplanverket for skulen og rammeplan for SFO. Du vil bidra til å styrkja barna si sosiale læring, trivsel og utvikling gjennom deltaking i leik, aktivitetar og læringsfellesskap. Arbeidet inneber å byggja trygge og gode relasjonar til elevane og vera ein tydeleg og omsorgsfull vaksen i kvardagen. Vi har særleg fokus på å skapa gode relasjonar og eit tett samarbeid med elevar, føresette og tilsette. Som miljøarbeidar vil du delta aktivt på basen og bidra til å vidareutvikla eit inkluderande, trygt og positivt fellesskap for både små og store. Du vil òg medverka til å leggja til rette for eit godt læringsmiljø som fremjar meistring, deltaking og tilhøyrsle for alle elevar. KvalifikasjonarRelevant utdanning innan sosialt arbeid,som t.d. vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom og bachelor som inneheld pedagogikk. Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Personleg eignaheit vil verta tillagt stor vekt. Personlege eigenskaparVi søkjer deg som: Er ein tydeleg, omsorgsfull og trygg vaksen. Har evne til å byggja gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer. Er positiv, fleksibel og samarbeidsorientert. Tek initiativ og bidreg aktivt i fellesskapet. Har engasjement for å skapa eit trygt og inkluderande miljø for alle barn. Vi tilbyrEit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver. Dyktige og engasjerte kollegaer. Moglegheit til å gjera ein positiv forskjell i barn sine liv kvar dag. Tilrettelegging for fagleg utvikling, der du får høve til å vidareutvikla deg sjølv og kollegaene dine, dela kunnskap og bidra til kompetanseheving i organisasjonen. Løn etter formell kompetanse, ansiennitet og gjeldande tariffavtalar. Gode pensjons- og forsikringsordningar. Gratis inngang til bassenget i Klepphallen. Aktivt bedriftsidrettslag. Medlemskap i bedriftskunstforeining Ordning med dekning av behandling hos fysioterapeut og kiropraktor. KontaktinformasjonJorun Beate Fylkesnes, rektor, +47 93895074 ArbeidsstadVerdalsvegen 31 4351 Kleppe Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5202381466 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 13.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.