Postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo
Universitetet i Bergen
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 17. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Åremål
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktorstilling Ved Michael Sars-senteret er det ledig ei stilling som postdoktor i mekanismar for temperaturrobustheit hos fiskeembryo i Čapek-gruppa. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Korleis kan fiskeembryo oppretthalde koordinert utvikling når temperaturendringar påverkar farten på molekylære og cellulære prosessar? Forskinga vår undersøkjer mekanismane som gjer embryoutvikling robust mot temperaturvariasjonar, og under kva forhold denne robustheita bryt saman. Vi kombinerer etablerte fiskemodellar med marine fiskeartar for å forstå korleis embryo frå ulike termiske miljø reagerer på temperaturendringar.
Den tilsette skal undersøkje korleis temperatur påverkar utviklingsregulerande signalvegar og genuttrykk, og korleis desse responsane heng saman med spesifisering av cellelagnad, vevsorganisering og embryoutvikling. Arbeidet vil kombinere transkriptomiske eksperiment og bioinformatiske analysar med molekylære analysar, genomredigering og mikroskopi av levande og fikserte embryo. Eit sentralt mål er å knyte transkripsjonelle responsar til utviklingsmessige utfall og funksjonelt teste kandidatmekanismar for temperaturrobustheit.
I tett samarbeid med gruppeleiar og andre medlemmer av forskingsgruppa skal den tilsette utvikle eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor denne ramma, basert på eiga fagleg kompetanse, vitskaplege interesser og eigne idéar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (ph.d.) innanfor utviklingsbiologi, molekylærbiologi, marinbiologi eller eit nærliggande fagområde, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
Dokumentert forskingserfaring innan transkriptomikk, inkludert forsøksdesign, praktisk gjennomføring av eksperiment, bioinformatiske analysar og biologisk tolking av dei innsamla dataa, er eit krav
Dokumentert forskingserfaring innan eksperimentell utviklingsbiologi er eit krav. Relevante metodar omfattar til dømes mikroinjeksjon, immunfarging, CRISPR-Cas9-basert genomredigering og mikroskopi av levande og fikserte prøvar. Det er ikkje krav om erfaring med alle desse metodane
Forskingserfaring med fisk og/eller marine organismar er ein fordel
Forskingserfaring innan evolusjonær utviklingsbiologi, komparativ utviklingsbiologi eller utviklingsresponsar på miljøvariasjonar, inkludert temperatur, er ein fordel
Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 685 900. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
medlemsskap i Statens pensjonskasse
gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
CV
karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
relevante attestar
liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til gruppeleiar Daniel Capek (Daniel.Capek@uib.no) eller senterleiar ved Michael Sars-senteret, Lionel Christiaen (Lionel.Christiaen@uib.no).
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen (Magnus.Larsen@uib.no).
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.