Vi søker lege med spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar (gynekolog)
Statens helsetilsyn
- Arbeidssted
- OSLO
- Publisert
- Søknadsfrist
- 20. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Som gynekolog hos oss får du bruke fagkompetansen din der han trengs mest. Du vil bidra i tilsynssaker og vere med på å utvikle tilsyn som styrker tryggleiken og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.
I Statens helsetilsyn jobbar vi for at befolkninga skal få trygge og gode tenester når dei treng det. Vi fører tilsyn, gir råd og behandlar klager for å avdekke svikt, fremme læring og styrke tilliten til tenestene. Vi utviklar tilsynet i takt med samfunnet og utforskar korleis digitalisering og betre bruk av data kan gi meir treffsikre tilsyn. Derfor er vi også interessert i deg som har erfaring med å samanstille og analysere data.
Hos oss får du meiningsfulle oppgåver, stort fagleg ansvar og eit tverrfagleg miljø med kollegaer frå helsefag, jus og samfunnsvitskap. Du jobbar på tvers av organisasjonen og blir godt kjent med samfunnsoppdraget vårt. Stillinga er for tida plassert i Avdeling for operativt tilsyn.
Derfor vil du trivast hos oss:
Du får jobbe sjølvstendig og saman med engasjerte kollegaer med kompetanse på tilsyn, juss, helsefag, teknologi og kompetanse på pasienttryggleik.
Du får jobbe med oppfølging og formidling av kunnskap om sentrale risiko- og forbetringsområder.
Du får være med å utvikle framtidas tilsynsmyndigheit.
Vi gleder oss til å få deg med på laget.
Dette skal du gjereBidra til overordna fagleg styring av og gi fagleg bistand til Statsforvaltarane.
Vurdere kvalitets- og pasienttryggleiksarbeidet i verksemder.
Samanfatte, analysere og formidle erfaringar frå kunnskap om helsetenestene både intern og eksternt.
Bidra til vidareutvikling av metodar for tilsyn.
Delta i arbeidet avdelinga har med tilsynsmessig oppfølging av saker.
Samanstille fagkunnskap som faktagrunnlag i tilsyn.
Svare ut relevante høyringar.
Gi informasjon og rettleiing til helse- og omsorgstenestene, pasientar, brukarar og pårørande.
Jobbe på tvers i organisasjonen, og tilsette må rekne med å leie og koordinere ulike arbeidslag på tvers av avdelingar og fagområde.
Kompetansen vi ser etterDu må ha
norsk autorisasjon som lege med spesialistgodkjenning innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar
brei klinisk erfaring
god og heilskapleg systemforståing av helse- og omsorgstenesta
erfaring frå arbeid knytte til pasienttryggleik og forbetringsarbeid
kjennskap til, eller erfaring med, systematisk kunnskapsinnhenting og analyse
god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er ein fordel om du også har erfaring med:
offentleg forvalting og/eller tilsynsarbeid
leiar og/eller relevant leiarutdanning
tverrfagleg samarbeid
gjennomføring og leiing av prosjekt
formidlingsarbeid og kunnskapsdeling
Personlige eigenskapar vi legger vekt påhøg gjennomføringsevne og stor arbeidskapasitet med evne til framdrift og gjennomføring
evne til å arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team
fleksibel, gode samarbeidsevner og god rolleforståing
strukturert og analytisk arbeidsform
Er dette deg? Da håper vi at du søker!
Dette får du hos ossI Helsetilsynet får du arbeide med eit viktig samfunnsoppdrag i ein fagleg sterk organisasjon. Arbeidet vårt skal bidra til at innbyggarane får enda betre tenester innan helse, omsorg, barnevern og sosial.
Les den nye strategien vår: Helsetilsynets og statsforvalternes felles strategi for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetjenestene 2025-2035
Konkret betyr det at du får
lønn som seniorrådgivar innanfor lønnsspennet: kr 1 200 000 - 1 350 000. Ved særleg kvalifiserte søkarar kan høgare lønn bli vurdert.
Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse.
fleksibel arbeidstid og moglegheit til å trene ein time i veka i arbeidstida
moglegheit til å arbeide heimanfrå inntil to dagar i veka dersom oppgåvene du skal løyse er eigna for det
130 nye medarbeidarar med arbeidsstad sentralt i Oslo med sykkelgarasje og eige trimrom. Hausten 2027 flyttar vi til nye, moderne lokale i Fredrik Selmers vei 2 på Helsfyr.
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig
av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å
krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Vitnemål og attestar skal legges ved søknaden. Tilgang til Vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Som del av tilsettinga kan det bli gjort nødvendige bakgrunnssjekkar i samarbeid med ekstern leverandør. Aktuelle kandidatar vil i så fall få beskjed. Vi vil også kontrollere om du har gyldig autorisasjon og spesialisering i Helsepersonellregisteret.
Søkarlista er offentlege. Ber du om å bli unnateken og vi ikkje kan innvilge det, gir vi deg beskjed (offentlegloven § 25).
For å sikre ei meir effektiv og rettferdig vurdering av søknader, brukar vi kunstig intelligens (KI) som støtte i vår
rekrutteringsprosess. Dette innebere at søknadsdokumenta dine kan bli analysert av ei KI-basert løysning levert
av vår systemleverandør, Talentech. KI blir berre brukt som eit støtteverktøy – alle endelege vurderingar og
avgjerder blir tatt av menneske.
KontaktinformasjonIngerid Helene Herstad Nygaard, Avdelingsdirektør, 21 52 99 50
Mona Kaasa, Underdirektør, 21 52 99 47
Morten Venberget, Underdirektør, 21 52 98 58
ArbeidsstedMøllergata 24
0179 OSLO
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn
Referansenr.: 5160952520
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.