Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Jobbspesialist IPS

Nav Askøy, Askøy kommune

Arbeidssted
ASKØY, KLEPPESTØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Nav Askøy søkjer engasjert jobbspesialist! Bankar hjartet ditt litt ekstra for ungdom som ønskjer å ta steget vidare mot arbeid eller utdanning? Om du trivst med oppsøkjande verksemd, er god på kommunikasjon og har tru på at du kan gjere ein forskjell for unge menneske i ein krevjande livssituasjon, og ser føre deg at du kan arbeide tverrfagleg saman med behandlarar innan psykisk helse, så kan dette vere den rette jobben for deg. Vi søkjer no ein jobbspesialist til vårt IPS Ung-team i Nav Region Vest ved Nav Askøy i fast stilling. Dersom du ser moglegheiter der andre ser hindringar, og ønskjer å bidra til at fleire ungdomar får nytte ressursane sine i arbeidslivet eller utdanning, håpar vi at du søkjer stillinga. Som IPS-jobbspesialist arbeider du etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS), der målet er å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar ut i arbeid eller utdanning. Metoden byggjer på eit tett og forpliktande samarbeid mellom ungdom, Nav, helsetenesta, skulen, føresette og arbeidsgjevarane. Primærmålgruppa vil vere ungdom under 30 år. Som ein del av ungdomsgarantien i Nav skal du vere med på å sikre god og tett oppfølging av unge. Som jobbspesialist i IPS Ung vil du inngå i eit tverrfagleg samarbeid mellom Nav og helse. IPS er ein integrert skule- og arbeidsretta del av behandlingstilbodet til menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem, eller nedsett funksjonsevne. Du vil vere knytt til Origo Askøy. Origo Askøy – livsmeistring, psykisk helse og rus – tilbyr hjelp til innbyggjarar i alle aldrar. Origo tilbyr hjelp til dei som slit med psykiske helseplager, rus, utfordringar i foreldrerolla med meir. Origo Askøy består av to avdelingar, ei for barn og unge og ei for vaksne og eldre. Denne stillinga er knytt til ungdomsteamet, som er organisert under avdeling Barn og unge. Teamet er tverrfagleg samansett og har brei erfaring innan psykisk helsearbeid med barn og unge, familie- og rusarbeid, samt førebyggjande arbeid og inkludering. Du blir ein del av eit engasjert team som veit at vegen til arbeid ikkje alltid er rett fram. Teamet består av metoderettleiar og tre andre jobbspesialistar. Gjennom tett oppfølging, målretta arbeid og gode relasjonar bidreg du til å opne dører og skape moglegheiter for menneske som ønskjer å delta i arbeidslivet. Samarbeidet med arbeidsgjevarar er ein sentral del av arbeidet. Du vil vere knytt både til Nav Askøy/Region Vest og Origo Askøy kommune. Kontorplassen din vil vere saman med gode kollegaer hos Origo Askøy kommune. Mykje av arbeidstida din blir brukt ute i næringslivet, saman med eller på vegne av ungdomane. Du etablerer kontakt med arbeidsgjevarar, byggjer relasjonar og identifiserer moglegheiter for arbeid og utdanning. På Nav Askøy har vi eit svært godt arbeidsmiljø med dedikerte og inkluderande tilsette. Vi er opptekne av kompetanseutvikling og har eit godt arbeidsmiljø med ulike sosiale aktivitetar. Kontoret vårt har 70 tilsette fordelte på fire avdelingar. Vi held til i aktivitetsbaserte lokale på Kleppestø Senter, berre 12 minutt med båt frå Bergen sentrum. Med bil eller buss kjem du køfritt frå Bergen til Askøy. Nav Askøy er regionkontor i Region Vest, og vi samarbeider tett med Nav Øygarden i regionen. Du vil vere ein del av den nye regionale avdelinga vår, som har både marknad, tiltak og jobbspesialistar samla i same avdeling. Avdelinga er knytt til begge kontora og vil vere til stades ved begge lokasjonane. ArbeidsoppgaverJobbspesialistane skal ha fokus på å bistå personar ut i ordinært arbeid eller utdanning. Du skal arbeide etter IPS-metodikken, følgje deltakarane tett og bruke mykje tid på rekruttering og inkludering i det ordinære arbeidslivet eller utdanning. Du må ha fagleg engasjement, pågangsmot, gode kommunikasjonsevner og vere ein nettverksbyggjar. Samhandling med fleire tenester er ein viktig del av arbeidskvardagen. Jobbspesialisten i IPS Ung-teamet skal arbeide med ungdom under 30 år som har rus- og psykiske helseutfordringar. Du vil vere knytt til eit oppfølgingsteam som du er ein del av. Arbeidsoppgåver: Følgje opp ungdom i alderen  opptil 30 år på vegen mot arbeid eller utdanning, i tråd med metoden Individuell jobbstøtte (IPS) Kartleggje ressursar, interesser og ønskje knytte til arbeid og utdanning hos ungdommen Rettleie og kartleggje ungdomane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner, og bidra til å matche dei med eigna skular eller arbeidsgjevarar Bistå ungdomane med å skaffe og halde på utdanning eller arbeid Etablere kontakt med arbeidsgjevarar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning (mål om lag 60 prosent av arbeidstida ute hos arbeidsgjevarar og samarbeidspartnarar) Følgje opp og samarbeide tett med arbeidsgjevarar, skular, Rettleiingstenesta og helsetenesta Ha ansvar for eiga portefølje, dokumentasjon og rapportering i Nav sine fagsystem Bidra til måloppnåing og gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning Arbeide systematisk etter IPS-metodikken Delta i og samarbeide tett med tverrfaglege team og jobbspesialistteam Endringar i arbeidsoppgåvene kan førekome. KvalifikasjonerDu må ha: Utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet. Erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS eller SE (Supported Employment). Relevant erfaring for den stillinga du søkjer på. Førarkort klasse B. Det er ønskjeleg at du har: Erfaring med å arbeide med motivasjon og rettleiing av ungdom. God relasjonskompetanse. Kunnskap om det lokale arbeidsmarknaden. Gode digitale ferdigheiter. Erfaring frå rettleiingsarbeid med unge menneske i utsette livssituasjonar. Erfaring med oppsøkjande nettverksbygging. Vi ser etter deg som har tru på at menneske, trass i psykiske lidingar, rusutfordringar eller språklege utfordringar, kan få og halde på ordinært arbeid. Du møter menneske med respekt og positive forventningar, og har evne til å sjå moglegheiter framfor avgrensingar. Personlige egenskaperVi trur at ulike erfaringar, bakgrunnar og styrkar kan bidra til å lukkast som jobbspesialist. Samstundes ser vi at nokre eigenskapar er særleg viktige for å trivast og lykkast i denne rolla: du må kunne arbeide sjølvstendig og i team du kommuniserer godt og skaper tillit hjå menneske med ulike behov og føresetnader du trivst med oppsøkjande arbeid og med å skape kontakt med nye menneske du er løysingsorientert og ser moglegheiter du arbeider sjølvstendig og målretta, med fokus på kvalitet og resultat du toler uforutsigbarheit og evnar å setje grenser for deg sjølv og andre. Det er særleg viktig at du er initiativrik og har gode samarbeidsevner. Dette vil bli lagt vekt på i vurderinga av søkjarane. Vi tilbyrLønn etter gjeldende avtaleverk Gode pensjonsordninger Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring Godt arbeidsmiljø Generelle opplysninger: I henhold til offentlighetsloven §25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om å ikke bli oppført på søkerlisten. Dersom ønsket ikke etterkommes, vil søkeren bli varslet om dette før søkerliste utarbeides. Eventuelle vitnemål og attester skal legges inn som vedlegg til søknaden. KontaktinformasjonVibeke Gjervik, Avdelingsleiar, (+47) 40 47 71 19 ArbeidsstedKleppestø senter 5300 Kleppestø Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Askøy kommune Referansenr.: 5174440575 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.