Rekrutteringssak - Helsefagarbeidar 2 x 100 % vikariat Bu- og habiitering
Kvinnherad kommune Bu og habilitering
- Arbeidssted
- KVINNHERAD, ROSENDAL, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 9. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Bu- og habilitering nord og sør er to einingar i sektor for omsorg, helse og sosial som yt tenester etter helse- og omsorgstenestelova til vaksne med varige og omfattande funksjonsnedsettingar. Målet for einingane er å gje den einskilde eit tenestetilbod som er tilpassa eige hjelpebehov og som gjev høve til utvikling, påverknad og styring av eige liv.
Tenestene vert gjeve i eigen bustad, bufellesskap med heildøgns omsorg, avlastningsbustad og som aktivitetstilbod ved dagsenter.
Omtale av stillingane
2 stk. vikariat på 100 % som helsefagarbeidar ved Bu- og habiitering frå d.d. til ut april-27.
Arbeidsstad bufelleskap i Rosendal.
Arbeidstida på vikariat nr. 1 er turnusarbeid med ordinære vakter i vekene og 4. kvar helg (14 t.)
Arbeidstida på vikariat nr. 2 er turnusarbeid med lange vakter (12,5 t.) og arbeid 3. kvar helg.
Dersom det vert rekruttert internt, kan andre stillingar og stillingsbrøkar verta ledige og ein kan då tilsetta i desse stillingane i same søkjarmasse.
Vi søkjer
Etter personar med norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
Kvalifikasjonar
Ha gode kommunikasjonsevner og bidra til eit godt arbeidsmiljø
God munnleg og skriftleg norsk framstilling
Kunna takla utfordrande adferd.
Ha sertifikat til bil
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskaper
Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
Ansvarsfull og nøyaktig
Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Ingen eigendomsskat pr. idag for hus , hytter og næring.
Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage.
Link til søknadsskjema: Søk her
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.