Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Rådgjevar/spesialkonsulent -  idrett og anlegg - Bergen

Kultur og folkehelse, Vestland fylkeskommune

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vestland fylkeskommune si avdeling for kultur og folkehelse lyser ut ei heil fast stilling som skal bidra til å utvikle anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Visjonen er å tilrettelegge for ein fysisk aktiv kva dag for alle i Vestland.  Stillinga er knytt til seksjon fysisk aktivitet og inkludering og skal arbeide i fageining idrett og friluftsliv. Seksjonen har i tillegg ansvar for e-sport og gaming, folkehelse og integrering, og mange av oppgåvene vil løysast på tvers av ansvarsområda. Rådgjevaren bør ha god kjennskap til korleis tilretteleggje for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, og ha evne til å planlegge, involvere og vidareutvikle fylkeskommunen sitt arbeid innan fagfeltet m.a. gjennom rådgjeving, planarbeid, kompetanseutvikling, forvaltning av regionale og statlege tilskotsordningar, og oppsøkande verksemd. Vi ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne, til å søke jobb hos oss.  Vi er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette, pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidmiljø. Vestland fylkeskommune er og sertiftisert som likestilt arbeidslivhar administrasjon lokalisert i Bergen, Leikanger og Førde. Denne stillinga vil ha tenestestad Bergen.  Arbeidsoppgåverstrategisk utvikling av fylkeskommunen sitt arbeid med idrett og fysisk aktivitet bidra til å understøtte og samordne Vestland fylkeskommune sin politikk for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og anlegg. oppfølging av kommunale og fylkeskommunale planar utarbeide kunnskapsoversikt og drive informasjonsarbeid innan fagfeltet utvikling av kunnskapsgrunnlag og temaplan for fysisk aktivitet og anlegg vidareføre og styrke arbeidet med ei berekraftig anleggs- og aktivitetsutvikling i Vestland. forvalting av statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar til regionale samarbeidspartnarar (kommunar, organisasjonar og institusjonar). ei hovudoppgåve er å behandle søknader om spelemidlar om anlegg for idrett og fysisk aktivitet frå idrettslag, foreiningar og kommunar oppfølging av søkjarar om tildelte midlar, utvikling av anleggsprosjekt og avslutning av rekneskap rettleiing av søkjarar og kommunar om spelemiddelordninga og anleggsutvikling prosjektleiing innan idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og anlegg planlegge og gjennomføre kurs og kompetanseheving innan feltet samarbeide med frivillige organisasjonar KvalifikasjonarRelevant høgskuleutdanning på minimum bachelorgradnivå  Kjennskap til fagområdet og erfaring med plan- og utviklingsarbeid Kunnskap og erfaring med offentleg forvaltning God økonomiforståing God munnleg og skriftleg framstillingsevne God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap Personlege eigenskaparDu kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig Du er systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig Du har gode evner til samarbeid og til å bygge nettverk Du har evne til å inspirere og presentere fagområdet i ulike samanhengar Du har evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team Du har stor arbeidskapasitet Vi tilbyrHos oss får du: gode moglegheiter for fagleg utvikling løn etter avtale gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar mangfaldig arbeidsplass, både i bakgrunn, erfaringer og livsfaser ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø KontaktinformasjonHanne Marthe Espe, leiar, 99769453, Hanne.Marthe.Espe@vlfk.no ArbeidsstadLars Hilles gate 22 5008 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5192395090 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.