Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Overlege i nevrologi

Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus

Arbeidssted
HAUGESUND, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
11. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og vidareutvikle eit sterkt nevrologisk fagmiljø i vekst? Ved Nevrologisk avdeling, Helse Fonna HF, har vi ledig fast 100 % stilling som overlege i nevrologi. Hos oss får du arbeide breitt innan nevrologifaget, i eit engasjert og kompetent fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, forsking og subspesialisering. Nevrologisk seksjon er ein del av Medisinsk klinikk ved Haugesund sjukehus. Seksjonen omfattar poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og sengepost med både generell nevrologi og slagbehandling. Vi har for tida åtte overlegar og ni LIS-legar. I 2027 flyttar sengeposten inn i heilt nye og moderne lokale i toppetasjen av sjukehuset sitt nybygg. Kva går jobben ut på?Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid på sengepost og poliklinikk med fagutvikling, undervisning og samarbeid på tvers av fagområde. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kompetanse og interesseområde, og vi legg til rette for vidare fagleg utvikling. Du vil mellom anna arbeide breitt innan generell nevrologi, både i poliklinikk og sengepost bidra i diagnostikk og behandling av pasientar med akutte og kroniske nevrologiske sjukdomar delta i slagbehandling og oppfølging av pasientar med cerebrovaskulær sjukdom inngå i seksjonen si vaktordning rettleie LIS-legar og medverke i undervisning delta i fagutvikling, kvalitetsforbetring og forsking vere med på å vidareutvikle eit sterkt nevrologisk fagmiljø i vekst få moglegheit til arbeid innan klinisk nevrofysiologi dersom du har relevant kompetanse. Kva kompetanse er viktig i denna rolla?Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i nevrologi. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.  Interesse for fagutvikling, kvalitetsarbeid og undervisning. Erfaring frå nevrologisk poliklinikk, sengepost eller akuttmedisinsk arbeid er ein fordel. Vi oppmodar også legar som er nær fullført spesialistutdanning til å søkje. Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter ein overlege som er fagleg engasjert og utviklingsorientert har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner tek ansvar og arbeider sjølvstendig trivst i eit aktivt og tverrfagleg fagmiljø bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og gode pasientforløp Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss?Ei spennande overlegestilling i eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø. Brei klinisk erfaring innan generell nevrologi, slagbehandling og nevrofysiologi. Moglegheit for fagleg fordjuping og subspesialisering innan eigne interesseområde. Deltaking i forsking, kvalitetsarbeid og relevante kliniske studiar. Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit sterkt fagmiljø., Gode pensjons- og forsikringsordningar. Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass ved behov. Gode moglegheiter for å kombinere ein spennande fagkarriere med ein attraktiv livsstil på Haugalandet. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonEirik Haavik, Avdelingsleiar, eirik.haavik@helse-fonna.no ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5180453195 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 11.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.