Ringevikarar ved Kviteseid skule
Kviteseid skule, Kviteseid kommune
- Arbeidssted
- KVITESEID, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 31. des. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Lærarar og fagarbeidarar assistentar
Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre?
Kviteseid skule søkjer engasjerte og pålitelege ringevikarar som kan arbeide ved fråvær og andre kortvarige behov. Vi treng både lærarar og fagarbeidarar/assistentar. Arbeidet kan vere på 1.–10. trinn og på SFO.
Som ringevikar kan du bli kontakta på kort varsel. Omfanget av arbeidet vil variere etter skulen sitt behov, og stillinga har ingen fast stillingsprosent eller garanti for eit bestemt tal arbeidstimar. Det kan òg bli aktuelt med kortare vikariat over fleire dagar eller veker.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver for lærarvikarar
Gjennomføre undervisning etter planane til læraren
Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø
Følgje opp elevar fagleg og sosialt
Tilpasse undervisninga til elevar med ulike behov
Samarbeide med kollegaer og andre tilsette ved skulen
Arbeidsoppgåver for fagarbeidarar og assistentar
Følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i undervisninga
Vere ei støttande og hjelpande hand i klasserommet
Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen
Samarbeide med lærarar og andre tilsette
Arbeid på SFO kan vere aktuelt
KvalifikasjonarFor lærarvikarar er det ønskjeleg med relevant lærarutdanning. Studentar under lærarutdanning kan òg søkje.
For fagarbeidarar er det ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant fagbrev.
For assistentar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Erfaring frå skule eller SFO er ein fordel.
Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Du må kunne bruke digitale verktøy i arbeidet.Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
er ein varm, trygg og tydeleg vaksenperson
er glad i barn og ungdom og ønskjer at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel
byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer
møter elevar med ulike behov med tolmod, omsorg og respekt
er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert
kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen
er påliteleg og kan møte på kort varsel
bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
meiningsfulle og varierte arbeidsdagar
eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
dyktige og engasjerte kollegaer
moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag
lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
gode pensjons- og forsikringsordningar
KontaktinformasjonGjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule, +47 40248174
ArbeidsstadSkulevegen 9
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5189609637
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.