Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

 Sjukepleiar/vernepleiar- Nattstilling

Avlastningsbustad for born, Haram kommune

Arbeidssted
HARAM, VATNE, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
7. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Butenesta i Haram har for tida ledig 70% stilling på natt som sjukepleiar/vernepleiar i barnebustad og avlasting. Stillinga er ledig frå 1. november 2026, eller etter avtale.  Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne. Turnus for stillinga er for tida natt, med arbeid kvar 3. helg.  Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta. Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette, og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. ArbeidsoppgåverMålretta miljøarbeid.  Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje. Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette. Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar. Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk. Fagutvikling, sjukepleiar/vernepleiar vil ha fagansvar og koordineringsansvar i avdelinga.  Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov. Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå. Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT. Delta på personalmøte, og andre relevante møte. Legemiddelhandtering. KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar. Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team. Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg. Førarkort kl. B. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming. Politiattest er eit krav. Personlege eigenskaparDu viser initiativ og er kreativ.  Du er kunnskapsrik og fagleg oppdatert. Du er pliktoppfyllande og sjølvgåande. Du har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson. Du har evne til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Du har evne til å skape engasjement og har gode haldningar og moral. Du er ein lagspelar som bidreg til at felles mål blir nådd. Du er lojal og stabil. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyrEin kjekk arbeidsplass med høve til personleg og fagleg utvikling. Rom for å vere kreativ. Løn etter gjeldande tariffavtale. KontaktinformasjonJanne Madelen Bergene, avdelingsleiar, 91161215, janne.madelen.bergene@haram.kommune.no Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no ArbeidsstadUlvestadvegen 6 6265 Vatne Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 5182692754 Stillingsprosent: 70% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 07.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.