Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Ungdomsarbeidar på ungdomsklubbane

Luster kommune Folkehelse

Arbeidssted
LUSTER, GAUPNE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
27. sep. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Prosjekt
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og skape ein trygg og inkluderande møteplass for ungdom? Me søkjer fleire engasjerte og trygge vaksne til deltidsstillingar ved ungdomsklubbane i Luster (Hafslo og Gaupne). Klubben er ein viktig sosial arena for ungdom, der dei kan møtast, delta i aktivitetar og vere seg sjølve i eit rusfritt og positivt miljø. Me ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn og erfaring velkomne, og personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på. Arbeidsoppgåver Vere til stades og bidra til eit trygt og inkluderande miljø Byggje gode relasjonar til ungdom Hjelpe til med matlaging Delta i og bidra til planlegging og gjennomføring av aktivitetar Samarbeide med kollegaer og andre samarbeidspartnarar Kvalifikasjonar Fylt 20 år Førarkort klasse B Interesse for ungdomsarbeid Gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav Har du ein hobby innan kultur, musikk, handverk eller gaming, eller likar å setje i gang aktivitetar, er dette positivt Vi tilbyr Ein meiningsfull deltidsjobb Eit inkluderande arbeidsmiljø Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ungdomstilbodet Arbeidstid på ettermiddag og kveld, 1–2 kveldar i veka Rask oppstart Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter gjeldande lønstabell, ansiennitet og avtaleverk Andre opplysningar  Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.