Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helgestillingar ved Tysnes omsorgssenter

Tysnes kommune

Arbeidssted
TYSNES, UGGDAL, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
22. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Er du på jakt etter ei utfordrande og givande helgestilling? Vi treng fleire dyktige medarbeidarar på laget vårt.Vi har for tida to ledige helgestillingar i 12,21 % – 18,31 %, og ser etter deg som er positiv, engasjert og har lyst til å bruke helgene dine på å gjere ein forskjell for andre. Stillingane inneber i to-delt turnus, med både dag- og kveldsvakter. Du arbeider i snitt kvar tredje helg, men dersom du ønsker det kan det vere mogleg å jobbe annakvar helg. Tysnes omsorgssenter held til i fine og moderne lokale, i eit nybygg som stod ferdig i 2017. Senteret har 30 institusjonsplassar, i tillegg til plassar for korttidsopphald, rehabilitering og eit dagsenter tilrettelagt for personar med demens. Vi har òg ein KAD-plass (kommunal akutt døgnplass), der det blir gitt tilbod om augeblikkeleg helsehjelp – eit alternativ til innlegging på sjukehus. Hos oss blir du ein del av eit fagleg oppdatert miljø der personsentrert omsorg står i sentrum. Vi arbeider målretta med å skapa ein meiningsfull og trygg kvardag for bebuarane våre. Vi er oppteken av pasientnært arbeid, og moderne velferdsteknologi er eit av hjelpemidla som gir oss meir kvalitetstid med bebuarane våre.  For å søkje må du ha fylt 18 år.  ArbeidsoppgåverAssistere bebuarane i det daglege og støtte dei i eigenomsorg, i tråd med planlagde tiltak. Følge opp individuelle målsetjingar og tiltak for kvar enkelt bebuar. Utføre spesifikke oppgåver i tråd med opplæring og skriftlege prosedyrar. Journalføre og bidra til utarbeiding og oppdatering av pleieplanar. Medverke til utvikling og kvalitetsforbetring på arbeidsplassen. Den som blir tilsett vil utføre arbeidsoppgåver innan dei ulike områda, i samsvar med kompetanse og erfaring.  KvalifikasjonskravVi ser etter medarbeidarar med helsefagleg utdanning:  Sjukepleiar. Vernepleiar. Helsefagarbeidar/hjelpepleiar. Studentar innan relevante studieforløp (helsefagarbeid, vernepleie, sjukepleie). Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring. Krav til stillinga: Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Gode grunnlegande datakunnskapar. Ønskelege kvalifikasjonar: Erfaring og kjennskap med brukargruppa er ein fordel Ved tilsetjing må politiattest leggjast fram, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. Utfylling av eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose er påkrevd. Personlege eigenskaparVi ser etter deg som: Er sjølvstendig og strukturert i arbeidskvardagen. Tek intiativ, er positiv og skapar tillit i møte med andre. Handterer utfordringar på ein løysingsorientert måte. Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit inkluderande arbeidsmiljø. Har gode kommunikasjonsevner. Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt. Kvifor skal du jobba hos oss?Blir du motivert av å jobba på ein arbeidsplass der me saman skal gi gode helsetilbod og verdige rammer for våre bebuarar? Då trur vi du vil trivast hos oss! Hos oss blir du ein del av ei personalgruppe med høgt fagleg fokus. Du vil få god opplæring med fokus på fagleg kvalitet. Vi tilbyr ein variert og lærerik arbeidskvardag der du får utfordra deg sjølv, utvikla kompetansen din og bidra til å gjera ein forskjell i kvardagen til menneske som treng det. Du vil oppleva eit trygt og støttande arbeidsmiljø der trivsel og samarbeid står i sentrum.  Er du student og vil skaffe deg verdifull arbeidserfaring medan du studerer, samtidig som du får ei ekstra inntekt? Då kan studentavtalen med Tysnes kommune vere perfekt for deg! Vi har ei stipendordning som kan gi deg ekstra støtte i studietida. Du kan lese meir om studentavtalen på heimesida vår. I tillegg har vi ein eigen lønsstige for deg som er student innan eit område som er relevant for stillinga. Innan helse gjeld det f.eks. sjukepleie-, vernepleie-, ergoterapi-, eller medisintudentar. Denne er aktuell for deg som kan dokumentere at du har fullført minst eit år av studiet. Vi tilbyr gode pensjonsordningar gjennom KLP, og løn vert gitt i samsvar med gjeldande hovudtariffavtale. Informasjon til søkarSøkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte. Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.