Rådgjevar i helse og omsorg
Aurland kommune
- Arbeidssted
- AURLAND, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVi har ledig fast 100% stilling som rådgjevar frå snarast.
Vi søker ein engasjert og sjølvstendig rådgjevar i kommunalområde helse og omsorg.
Du vil spele ei viktig rolle i å styrke utviklingsarbeidet, og vi ser etter ein rådgjevar som brenn for forbetrings- og kvalitetsutvikling. Det er viktig at du er allsidig og ikkje redd for å ta eit tak der det trengst. Du bør trivast med varierte oppgåver og ha moglegheit for læring. Hjå oss vil du få breidde i oppgåver og ansvarsområde.
Stillinga har kontorstad ved Aurland omsorgssenter og rapporterer til kommunaleiar for helse og omsorg.
Arbeids- og ansvarsområdeRekruttering, løns- og personalarbeid
Oppdragsavtalar
Oppfølging av ledige vakter
Varebestilling og mottak
Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova, samt rettleiing
Planlegge og gjennomføre førebyggande rettleiing og arrangement
Støtte leiarar i kvalitet- og internkontrollsystem
Vere strategisk rådgjevar som inneber å vere sakshandsamar og leiarstøtte i politiske sakar og i plan og utgreiingsarbeid
Prosjektleiing og fasilitering av forbetringsprosessar, og bidra til tenesteutvikling
Fremje smart bruk av digitalisering og teknologi i tenesteutviklinga
Informasjonsarbeid
Systemansvarleg i turnusprogram og bidra til effektiv ressursstyring
Andre oppgåver som naturleg fell inn under kommunalområdet sitt arbeidsområde må påreknast
Me tilbyr ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
gode pensjons- og forsikringsordningar
løn etter avtale
gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning)
å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbISletting av studiegjeld? I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:
https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune
KvalifikasjonarRelevant mastergrad innan HR, organisasjonsfag eller administrative fag. Anna relevant høgare utdanning kombinert med relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande mastergrad
Det er ønskeleg at du er motivert for fagleg utvikling og relevant vidareutdanning
Erfaring med forbetringsarbeid, tjenesteutvikling eller kvalitetsarbeid
Har kunnskap om reglement og lovverket på området
Kunnskap om arbeidsrett, arbeidsmiljølova og tariffavtalar og personaladministrative oppgåver
Erfaring frå offentleg forvaltning og sakshandsaming er ei føremon
God digital kompetanse med evne til å nytte digitale verktøy, mellom anna Teams, Excel og ulike fagsystem
Personlege eigenskaparVi vil legge vekt på at du er eigna til stillinga, og vil at du:
Er strukturert med god gjennomføringsevne og analytisk tilnærming
Er god problemløysar som jobbar godt under press
Er trygg i fasilitatorrolla og trivst med å leie prosessar og arbeidsmøter
Er god på å bygge relasjonar og samarbeid
Er utviklingsorientert og nysgjerrig på forbetringsmoglegheiter
Håndterer komplekse problemstillinger profesjonelt og sjølvstendig
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkårtilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
det er viktig at søkarane legg ved vitnemål, tenesteattestar og anna relevant dokumentasjon
Krav til språkAurland kommune nyttar nynorsk som målform. Særskilt god skriftleg, og munnleg, framstillingsevne er viktig i stillinga.
Generell informasjon Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.