Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Hjelteryggen skule

Øygarden kommune Hjelteryggen skule

Arbeidssted
ØYGARDEN, KNARREVIK, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
15. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om avdelinga: Hjelteryggen skule er ein barneskule med om lag 180 elevar på 1.-7.trinn. Skulen ligg idyllisk til på austsida av Sotra, like etter Sotrabrua. Hjelteryggen skule har ei spesialavdeling for born som treng eit særleg tilrettelagt undervisningstilbod. Avdelinga gir eit heildagstilbod til born med ulike funksjonshemmingar. Vi har no ei 70% fast stilling som skulesekretær ved Hjelteryggen  skule. Vi søkjer ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar som vil vera ein viktig del av den administrative kvardagen på skulen. Arbeidsoppgåver: Ta imot og følgja opp førespurnad frå elevar, føresette og samarbeidspartnarar Være støttespelar for skuleleiinga Samarbeida tett med administrasjonen på skulen Ha ansvar for arkivarbeid og personvern (GDPR) Oppdatere og følgje opp skuleadministrative system Utføre saksbehandling knytt til skule og SFO Arbeide med rekneskap og anna økonomiadministrativt arbeid Utføre anna forfallande sekretærarbeid Kvalifikasjonar:  Må ha: fagbrev i kontorfaget eller bachelor i administrative fag (lang og relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning) god systemforståing og digital kompetanse god kjennskap til MS Office (Word, Excel, Outlook og Powerpoint) gode norskkunnskapar og god formidlingsevne, munnleg og skriftleg Ønskjeleg med: erfaring frå saksarkivsystem, gjerne Websak erfaring med Vigilo, skuleadministrativt program erfaring med Visma Enterprise-modular som personalmelding, fråvær og liknande erfaring med skyss elev Personlege eigenskapar: er positiv og serviceinnstilt, med godt humør arbeidar strukturert, er ansvarsbevisst og løysingsorientert har gode samarbeidsevner kan arbeide sjølvstendig og finne gode løysingar i møte med tenestemottakarar og samarbeidspartnarar er nytenkjande og kreativ i utviklinga av den administrative avdelinga på skulen (digitalisering er ei viktig satsing ved skulen og i kommunen) har forståing for omdømmebygging og heilskapleg tenking meistrar digitale system og verktøy kommuniserer godt med elevar, føresette kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar Anna:  Arbeidsåret er 41 veker, og løna vert difor redusert med 7,7%. Det kan vera mogleg å auka stillinga gjennom vikararbeid på SFO og/eller i skulen. Dei formelle krava til utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar.  Vi tilbyr:Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Siri Håland Rektor siri.haland@oygarden.kommune.no Telefon: 55097904/92857144 Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.