Sjukepleiar 100% fast stilling
Gvarv legesenter
- Arbeidssted
- MIDT-TELEMARK, GVARV, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Gvarv legesenter er eitt av to legekontor i Midt-Telemark kommune, og ligg sentralt plassert ved Gvarv bru. Legesenteret held til i moderne, lyse og trivelege lokale som gir gode arbeidsforhold for både legar og helsesekretærar.
Vi har opningstid frå kl. 08.00 til 15.30 på kvardagar, og fungerer i tillegg som daglegevakt for kommunen. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med eit breitt spekter av oppgåver og pasientgrupper.
Ved legesenteret er det seks fastlegar og éin LIS1-lege. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø, tett samarbeid og fagleg utvikling. Hjelpepersonellet rullerer mellom arbeid i resepsjon, laboratorium og skadestove, noko som gir ein variert arbeidsdag og høve til å utvikle brei og allsidig kompetanse.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø som arbeider saman for å gi innbyggjarane i Midt-Telemark gode helsetenester. Vi tilbyr eit triveleg arbeidsmiljø, spennande faglege utfordringar og moglegheit til å vere med på å utvikle tenestene vidare.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver på laboratoriet:
Ta blodprøver og andre laboratorieprøver.
Utføre EKG og spirometriundersøkingar.
Utføre sårstell og sårskift.
Bistå legane i ulike medisinske og administrative oppgåver.
Utarbeide og oppdatere prosedyrar og rutinar.
Gjennomføre kontrollar og oppfølging av pasientar etter gjeldande rutinar.
Handtere andre oppgåver som naturleg høyrer til laboratoriedrifta.
Arbeidsoppgaver i resepsjon:
Følgje opp og behandle meldingar som kjem inn via Helsenorge.
Svare på telefon og handtere innkomande førespurnader.
Ta imot og ekspedere pasientar i resepsjonen.
Bestille tolketenester, transport (taxi) og andre nødvendige tenester for pasientar.
Utføre andre administrative oppgåver knytt til resepsjonsarbeidet.
KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar
Autorisert sykepleier
Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B2 nivå)
Ønska kompetanse
Erfaring frå legesenter er ein fordel
Særskilde krav
Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskaparGlad i å arbeide med menneske
Evne til å handtere ein travel og hektisk arbeidskvardag
Gode samarbeidsevner og evne til å samarbeide med ulike yrkesgrupper
Fleksibel og omstillingsdyktig
Evne til å skape tryggleik for pasientar i ulike situasjonar
Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver
Personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyrE-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
KontaktinformasjonEli Aaland, Avdelingsleiar, +47 90170836
ArbeidsstadGvarvgata 69
3810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5169014902
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.